Leopoldo Luque

argentinsk fotballspelar

Leopoldo Jacinto Luque (3. mai 194915. februar 2021 var ein argentinsk fotballspelar frå Santa Fe som vart verdsmeister i 1978 med Argentinas landslag. Han var angrepsspelar.

Leopoldo Luque


Luque i landslagsdrakt i 1978

Statsborgarskap Argentina
Fødd 3. mai 1949
Santa Fe
Død 15. februar 2021 (71 år)
Mendoza
Idrett fotball
Tok del i VM i fotball 1978

Luque var innom ti ulike fotballklubbar i heimlandet og Brasil. Han var framom alt knytt til River Plate, ein klubb han spelte for i tida 1975-80. Han vart nasjonal serimeister med klubben i 1975 og 1980.

Frå landslagsdebuten i 1975 deltok i 44 landskampar fram til 1981. I alt skåra han 22 landslagsmål. Fire av måla kom under verdsmeisterskapen på heimebane i 1978. Argentina sigra i finalen mot Nederland med 3 mot 1.

Han døydde i Mendoza av Covid-19.

Kjelder

endre