Covid-19

luftvegssyndrom forårsaka av koronaviruset sars-CoV-2

Covid-19 er ein sjukdom valda av koronaviruset SARS-CoV-2 og som i hovudsak råkar luftvegane, og som breidde seg over heile verda gjennom koronavirusutbrotet i 2019–2020. Han kan føra til alvorleg lungebetennelse og daude. Særskilt eldre og menneske med underliggjande sjukdomar er utsette for å utvikla alvorleg sjukdom.

Covid-19

SymptomFeber, hoste, trøyttleik, kortpustheit, tap av luktesans; tidvis ingen symptom[1][2]
ÅrsakerSARS-CoV-2
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD000086382

Den første smitten til menneske med koronaviruset SARS-CoV-2 skjedde på slutten av 2019. Sidan spreidde sjukdommen seg pandemisk over heile verda. Viruset blir i hovudsak spreidd med spyttdropar direkte i ansiktet eller via hender og gjenstander til ansiktet. Spreiingpotensialet er moderat (R0 rundt 3), men sidan dette var ein ny sjukdom ingen i utgangspunktet var immune mot, kunne ein per mai 2020 rekne med at ein epidemi ville ramme 50-70 % av folket før han brann ut.

Sjukdommen artar seg særs varierande, frå ikkje merkbar infeksjon til forkjølelse, influensaliknande symptom, lungebetennelse, akutt lungesvikt og død. Alle kan få alvorleg sjukdom, men risikoen for å døy av sjukdommen auker med alderen. Mens dødsrisikoen er under 1: 10 000 og 1:1000 hos unge vaksne, kan meir enn 1:10 av dei eldste døy dersom dei blir smitta av sjukdommen.

På individnivå er sjukdommen totalt sett ikkje så veldig alvorleg, men ein ukontrollert epidemi vil samla gi ei stor sjukdomsbyrde som kan sprengje kapasiteten innan helsevesenet. Det er derfor nødvendig med offentlege tiltak for å hindre eller bremse utbreiinga av smitte i samfunnet.

Behandling endre

 
Behandling av to covid-19-pasientar i Iran i 2020.

Behandling av symptom kan inkludera væskebehandling og oksygenbehandling.[3][4][5] Ekstrakorporal membranoksygenering (ECMO), ein teknikk for å tilføra oksygen til pasientar med alvorleg redusert lunge- eller hjartefunksjon, har vore brukt i samband med respirasjonssvikt.[6][7]

Til behandling av pasientar med store pusteproblem bruker ein pustemaskinar (respiratorar).[8]

Ein har prøvd ulik medikament som behandlingsmiddel for sjukdommen. Deksametason og remdesivir har hatt påvist klinisk effekt i randomiserte kontrollerte studiar.[9]

Eksperimentell behandling har gått føre seg i fleire land.[10][11] I nokre høve har ein prøvd å bruka anti-retrovirale medisinar (ofte brukt mot HIV/AIDS) til behandling.[12][13]

Kjelder endre

  1. «Symptoms of Coronavirus». U.S. Centers for Disease Control and Prevention (CDC). 13 May 2020. Arkivert frå originalen 17, juni 2020. Henta 18. juni 2020. 
  2. «Q&A on coronaviruses (COVID-19)». World Health Organization. 17. april 2020. Arkivert frå originalen 14. mai 2020. Henta 14. mai 2020. 
  3. Fisher D, Heymann D (February 2020). «Q&A: The novel coronavirus outbreak causing COVID-19». BMC Medicine 18 (1): 57. PMC 7047369. PMID 32106852. doi:10.1186/s12916-020-01533-w. 
  4. Liu K, Fang YY, Deng Y, Liu W, Wang MF, Ma JP, et al. (May 2020). «Clinical characteristics of novel coronavirus cases in tertiary hospitals in Hubei Province». Chinese Medical Journal 133 (9): 1025–1031. PMC 7147277. PMID 32044814. doi:10.1097/CM9.0000000000000744. 
  5. Wang T, Du Z, Zhu F, Cao Z, An Y, Gao Y, Jiang B (Mars 2020). «Comorbidities and multi-organ injuries in the treatment of COVID-19». Lancet (Elsevier BV) 395 (10228): e52. PMID 32171074. doi:10.1016/s0140-6736(20)30558-4. 
  6. Guan WJ, Ni ZY, Hu Y, Liang WH, Ou CQ, He JX, et al. (April 2020). «Clinical Characteristics of Coronavirus Disease 2019 in China». The New England Journal of Medicine (Massachusetts Medical Society) 382 (18): 1708–1720. PMC 7092819. PMID 32109013. doi:10.1056/nejmoa2002032. 
  7. Henry BM (April 2020). «COVID-19, ECMO, and lymphopenia: a word of caution». The Lancet. Respiratory Medicine (Elsevier BV) 8 (4): e24. PMC 7118650. PMID 32178774. doi:10.1016/s2213-2600(20)30119-3. 
  8. «Spesialrom for coronapasienter klart på OUS», www.vg.no (på norsk bokmål), henta 18. mars 2020 
  9. «Australian guidelines for the clinical care of people with COVID-19». National COVID-19 Clinical Evidence Taskforce. 
  10. «China CDC developing novel coronavirus vaccine». Xinhua. 26. januar 2020. Arkivert frå originalen 26. januar 2020. Henta 26. januar 2020. 
  11. «Chinese scientists race to develop vaccine as coronavirus death toll jumps». SCMP. 26. januar 2020. Arkivert frå originalen 26. januar 2020. Henta 26. januar 2020. 
  12. Docs tout pill combo. Bangkok Post. Vitja 3. februar 2020
  13. Thai doctors say two drug groups help cure patient. (2. februar 2020). Bangkok Post. Vitja 2. februar 2020

Bakgrunnsstoff endre