Les Ferdinand
Leslie Ferdinand (fødd 8. desember 1966) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Acton. Han var angrepsspelar. Rio Ferdinand er syskenbarnet hans.
Les Ferdinand | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 8. desember 1966 (58 år) Acton i London |
Idrett | fotball |
Tok del i | VM i fotball 1998, EM i fotball 1996 |
Utmerkingar | medlem av Den britiske imperieordenen |
Karriere
endreKlubbspel
endreFerdinand var innom eit titals fotballklubbar som aktiv. 1988/89-sesongen gjorde han teneste i tyrkiske Beşiktaş, der han var med å vinne den nasjonale cupen, skåra eitt av dei tre finalemåla for laget. Frå 1990 til -95 var han ein sentral og målkåt spelar for toppserielaget Queens Park Rangers. Etter to sesongar i Newcastle United skreiv han i 1997 kontrakt med Tottenham Hotspur. Våren 1999 tok han del då Leicester City vart slått 1-0 i ligacupfinalen.
Landslagsspel
endreFerdinand deltok i 17 av England sine landskampar i tida 1993-98. 2. juni 1993 spelte han heile kampen då Noreg slo England 2-0 på Ullevål stadion i Oslo. Ferdinand var med i dei engelske troppane til EM i fotball 1996 og VM i fotball 1998, kom ikkje på bana i korkje. Han skåra 5 landslagsmål.
Merittar
endre- Tyrkisk cupmeister: 1989 med Beşiktaş
- Andreplass i engelsk liga: 1996 med Newcastle United
- Vinnar av den engelske ligacupen: 1999 med Tottenham Hotspur
- Finalist i den engelske ligacupen: 2002 med Tottenham Hotspur
Kjelder
endre- eu-football
- Denne artikkelen bygger på «Les Ferdinand» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2024.