Fotball-EM 1996
Europameisterskapen i fotball 1996 var den tiande europameisterskapen i fotball for menn. Meisterskapen, som for fyrste gong hadde 16 deltakarland, vart avvikla i England i tida 8. til 30. juni 1996. Tyskland vart europmeister etter finalesiger 2-1 over Tsjekkia på Wembley i London. Dei 31 kampane vart spelt på åtte arenaer i like mange byar; London, Birmingham, Nottingham, Sheffield, Liverpool, Manchester, Leeds og Newcastle. 47 land deltok i kvalifiseringa til meisterskapen, mange av desse som ei fylgje av oppløysinga av Sovjetunionen og Jugoslavia.
Dei seksten deltakarlanda i sluttspelet vart fordelt i fire like store grupper. Dei to beste landa i kvar av gruppene gjekk til kvartfinalane. Tyskland og Tsjekkia tok seg til semfinale på 90 minuttar, medan England og Frankrike måtte ut i straffespraktevling før dei endeleg hadde sendt høvesvis Spania og Nederland ut av meisterskapen. Begge semifinalane enda uavgjort, og begge enda med 6-5 i straffeskytinga. Tyskland vann over vertslandet og Tsjekkia over Frankrike.
Englands midtspiss Alan Shearer vart toppskårar med fem mål.
Gruppespel
endreGruppe A
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | England | 3 | 2 | 1 | 0 | 7–2 | 5 | 7 |
2 | Nederland | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–4 | −1 | 4 |
3 | Skottland | 3 | 1 | 1 | 1 | 1–2 | −1 | 4 |
4 | Sveits | 3 | 0 | 1 | 2 | 1–4 | −3 | 1 |
Gruppe B
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Frankrike | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–2 | 3 | 7 |
2 | Spania | 3 | 1 | 2 | 0 | 4–3 | 1 | 5 |
3 | Bulgaria | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–4 | −1 | 4 |
4 | Romania | 3 | 0 | 0 | 3 | 1–4 | −3 | 0 |
Gruppe C
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Tyskland | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–0 | 5 | 7 |
2 | Tsjekkia | 3 | 1 | 1 | 1 | 5–6 | −1 | 4 |
3 | Italia | 3 | 1 | 1 | 1 | 3–3 | 0 | 4 |
4 | Russland | 3 | 0 | 1 | 2 | 4–8 | −4 | 1 |
Gruppe D
endre# | Lag | K | S | U | T | Mål | ± | P |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
1 | Portugal | 3 | 2 | 1 | 0 | 5–1 | 4 | 7 |
2 | Kroatia | 3 | 2 | 0 | 1 | 4–3 | 1 | 6 |
3 | Danmark | 3 | 1 | 1 | 1 | 4–4 | 0 | 4 |
4 | Tyrkia | 3 | 0 | 0 | 3 | 0–5 | −5 | 0 |
Finalen
endreEM-finalen 1996 gjekk av stabelen på Wembley Stadium i London kvelden 30. juni 1996. 73 611 tilskodarar såg Patrik Berger gje Tsjekkia leiinga på straffespark i det 59. minutt, og innbyttaren Oliver Bierhoff utlikne i det 73. minutt. Ved full tid stod det framleis 1-1. Dermed var det klart for ekstra speletid, der ein såkalla «golden goal» ville kunne kåre ein vinnar. Det «gylne målet» kom allereie etter fem minutt, då Bierhoff skåra sitt andre og avgjerande mål.
Tyskland stilte med fylgjande spelarar i finalen: Andreas Köpke, Markus Babbel, Thomas Helmer, Matthias Sammer, Dieter Eilts, Christian Ziege, Thomas Häßler, Thomas Strunz, Mehmet Scholl, Stefan Kuntz og lagkapteinen, Jürgen Klinsmann. Marco Bode, kom inn for Eilts etter pausa, medan matchvinnar Oliver Bierhoff entra bana i det 69. minutt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «UEFA Euro 1996» frå Wikipedia på engelsk, den 29. juli 2015.