Les Hite (13. februar 19036. februar 1962)[1] var ein amerikansk jazzbandleiar.

Les Hite
Fødd13. februar 1903
Død6. februar 1962 (58 år)
DødsstadSanta Monica
OpphavUSA
Sjangerjazz
Instrumentsaksofon
Verka somorkesterleiar, dirigent, jazzmusikar, saksofonist

Liv og virke endre

Hite var fødd i DuQuoin i Illinois i USA.[1] Han studerte ved University of Illinois, og spelte saksofon med familiemedlemmar i eit band på 1920-talet. Etter dette spelte han med Detroit Shannon og deretter Helen Dewey Show, men då gruppa plutseleg blei oppløyst, flytta han til Los Angeles. Der spelte han med The Spikes Brothers Orchestra, Mutt Carey, Curtis Mosby og Paul Howard. Han blei leiar for bandet til Howard i 1930, og spelte på Cotton Club i Los Angeles i fleire år, mellom anna i lag med Louis Armstrong og Fats Waller.[1] Dei utførte òg fleire innspelinga for filmar, og dukka no og då opp framfor kameraet.[1]

Storbandet til Hites, Sebastian's Cotton Club Orchestra, spelte hovudsakleg i Los Angeles, men drog òg av og til på turné. Musikarar som spelte i bandet var mellom anna Lionel Hampton, Marshal Royal, George Orendorff, Lawrence Brown, Britt Woodman, Joe Wilder, T-Bone Walker, Marvin Johnson og Dizzy Gillespie.[1] Hite gjorde sjeldan innspelingar, og av denne grunnen er mange av detaljane kring livet og virket hans dårleg dokumentert. Dei einaste innspelingssesjonane hans er 14 nummer mellom 1940 og 1942.

Hite døydde på St. John's Hospital i Santa Monica i California, ei veke før han fylte 59. Han skal ha hatt eit hjarteåtak.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (1. utg.). Guinness Publishing. s. 1156. ISBN 0-85112-939-0.