Lester Abrams
Lester Abrams (f. 1945) er ein songar, låtskrivar, musikar og produsent, som har spelt med artistar som B.B. King, Stevie Wonder, Peabo Bryson, Quincy Jones, Manfred Mann, Brian Auger, The Average White Band, The Doobie Brothers, Rufus og mange andre. To av låtskrivarbidraga hans kom ut på albumet Minute by Minute av The Doobie Brothers. Han har òg komponert musikk for film og fjernsyn. To av verka hans kan høyrast i den Oliver Stone-produserte filmen South Central.
Lester Abrams | |||
Fødd | 1945 (79 år) | ||
---|---|---|---|
Opphav | USA | ||
Sjanger | Funk, rock | ||
Instrument | Trommer, vokal, orgel, akustisk piano, perkusjon | ||
Verka som | Musikar |
Lester Abrams var òg medlem av eller tilknytt fleire andre band og artistar, som Leslie Smith, Arno Lucas, Rick Chudacoff, The Les Smith Soul Band, L.A. Carnival, Crackin' og i nyare tid, Connie Price and the Keystones.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lester Abrams» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: