The Doobie Brothers

The Doobie Brothers er ei USA-amerikansk rockegruppe frå San Jose i California. Dei har vore aktive i fem tiår og hadde størst suksess i 1970-åra. Den noverande besetninga består av Tom Johnston (gitar, vokal) og Patrick Simmons (gitar, vokal), dei langvarige medlemmane Michael McDonald (klaverinstrument, vokal), John McFee (gitar, pedalsteelgitar, fiolin, korvokal), og turnémusikarane John Cowan (bass, vokal), Bill Payne (klaverinstrument), Marc Russo (saksofonar), Ed Toth (trommer) og Marc Quiñones (perkusjon).

The Doobie Brothers
Doobie Brothers 1974.JPG
The Doobie Brothers i 1974 (V-H): Knudsen, Porter, Simmons, Johnston (framme), Hartman
AliasThe Doobies
OpphavSan Jose i California i USA
Aktiv
  • 1970–1982
  • Sidan 1987
Sjanger
Tilknytte artistar
Plateselskap
Medlemmer

Historia til bandet kan delast inn i tre periodar. Frå 1970 til 1975 var solovokalisten Johnston og dei spelte ein streit rock and roll med element av folk, country og R&B. Johnston slutta i gruppa i 1977 på grunn av helsa si, og vart erstatta av Michael McDonald, som med ei interesse i soul endra stilen til bandet før dei vart oppløyst i 1982. Simmons hadde då vore det einaste medlemmet som hadde spelt på alle albuma deira. I 1987 kom The Doobie Brothers saman att med Johnston attende i bandet. McDonald, som hadde vore gjestemusikar fleire gonger sidan dei kom saman att, kom attende for fulltid i 2019 for den komande 50-årsjubileumsturneen deira. Kvar inkarnasjon av gruppa har lagt vekt på vokalharmoniar. The Doobie Brothers vart innlemma i Vocal Group Hall of Fame i 2004,[4] og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 7. november 2020.[5] Gruppa har selt meir enn 40 millionar album verda over. Dei originale medlemmane John Hartman og Dave Shogren, Tiran Porter, Michael Hossack, Keith Knudsen og Jeff «Skunk» Baxter er tidlegare medlemmar i bandet.[6][7]

KarriereEndra

OriginalbandetEndra

Trommeslagaren John Hartman kom til California med eit sterkt ønske om å treffe Skip Spence i Moby Grape og bli med i ei ny utgåve av Grape. Spence introduserte Hartman for songaren, gitaristen og låtskrivaren Tom Johnston og i lag danna dei det som kom til å bli kjernen i The Doobie Brothers. Johnston og Hartman kalla gruppa si «Pud» og eksperimenterte med forskjellige medlemmar (stundom òg Spence) og stilar som dei spelte i og rundt San Jose. Dei var hovudsakleg ein powertrio (i lag med bassisten Greg Murphy) men spelte ei kort stund òg med ei blåserekkje.

I 1970 slo dei seg saman med songaren, gitaristen og låtskrivaren Patrick Simmons og bassisten Dave Shogren. Simmons hadde spelt i fleire grupper i området (mellom anna Scratch, ein akustisk trio med den framtidige Doobies-bassisten Tiran Porter) i tillegg til at han hadde spelt som soloartist. Han var alt ein dugande gitarist med fingerstil som utfyllte den rytmiske R&B-klimpringa til Johnston.

Medan dei framleis spelte lokalt kring San Jose, tok gruppa namnet «Doobie Brothers».[8][9] Musikaren Keith «Dyno» Rosen,[10][11] som budde i lag med[8] elle var nabo til[9] bandet, kom opp med namnet etter at bandet ikkje kom på eit godt namn sjølv.[8] I følgje Tom Johnsto sa Rosen «Kvifor kallar de dykk ikkje The Doobie Brothers fordi de alltid røykjer pot[8] Hartman har sagt han ikkje var involvert i namnevalet og ikkje visste at «doobie» var eit anna ord for ein marihuana-joint, før Rosen sa det til han.[11] Alle i bandet var samde om at «Doobie Brothers» var eit dumt eller idiotisk namn.[8][9] Simmons sa at dei berre hadde tenkt å bruke namnet på eit par konsertar før dei kom opp med eit betre namn, men det skjedde aldri.[12]

The Doobie Brothers vart betre musikarar og spelte over heile Nord-California i 1970. Dei fekk stadig fleire tilhengjarar, mellom anna lokale avdelingar av Hells Angels og spelte fast på ein av favoritt-utestadane til motorsykkelgjengen i The Chateau Liberté i Santa Cruz-fjella, og spelte der gjennom sommaren 1970 (sjølv om somme av desse konsertane ikkje inkluderte alle medlemmane og var nokså spontane). Ei demoinnspeling, som synte dei to fuzz-baserte elektriske gitarane, tre delte harmonisongen og trommespelinga til Hartman, fanga merksemda til Ted Templeman i Warner Bros. Records, og innan året var omme hadde dei skaffa seg kontrakt med selskapet.

Imaget deira reflekterte imaget til delar av fansen deira - skinnjakker og motorsyklar. Det sjølvoppkalla debutalbumet kom ut i april 1971 og skilde seg kraftig frå dette imaget og musikken dei spelte på scenen på denne tida. Det vart produsert i Pacific Recorders i San Mateo og selde ikkje godt nok til å gå inn på albumlista. Det la vekt på akustiske gitarar og hadde eit element av country. Opningssporet «Nobody» kom ut som den første singelen deira, og er blitt spelt på konsertane deira i årevis sidan den gongen. I nyare tid vart songen spelt inn på ny og gjeven ut på ny på World Gone Crazy i 2010.

Seint på våren og sommaren 1971 sende plateselskapet The Doobie Brothers ut på den første nasjonale turneen deira, i lag med gruppa Mother Earth,«The Mother Brothers Tour». I 1971 leika òg bandet me då ta inn ein trommeslagar til, som kunne utfylle Hartman på somme av konsertane deira, og tok inn Michael Hossack.

Dei flytta inn i det nye studioet til Warner Brothers, Amigo Studios i Nord-Hollywood seint i oktober 1971 og spelte inn fleire songar for det neste albumet sitt der med Shogren på bass, gitar og korvokal, men Shogren slutta etter ein krangel med produsenten deira, Ted Templeman. Shogren vart erstatta i desember 1971 med songaren, låtskrivaren og bassisten Tiran Porter, medan Hossack samstundes vart fast medlem i gruppa. Porter og Hossack kom begge frå musikkmiljøet i Nord-California og Porter hadde spelt i Scratch i lag med Simmons. Porter tok med seg ein meir funky bass-stil, og hadde ein rusten baryton som passa inn i harmonivokalen deira i lag med røystene til Johnston og Simmons.

Det andre albumet deira, Toulouse Street (med hittane «Listen to the Music» og «Jesus Is Just Alright»), vart gjennombrotet deira då det kom ut i juli 1972. I samarbeid med manageren Bruce Cohn, produsenten Ted Templeman og lydteknikaren Donn Landee, gav bandet ut eit meir polert og eklektisk album. Pianisten Bill Payne frå Little Feat spelte klaverinstrument med bandet for første gongen og starta eit samarbeid som kom til å vare mange tiår. Han var òg ei kort stund, to veker, på turné i lag med bandet tidleg i 1974.[13]

Gruppa fekk så ei rekkje hittar, som Johnston sin «Long Train Runnin'» og «China Grove» frå albumet The Captain and Me i 1973. Andre songar på dette albumet var Simmon sin country-aktige ode «South City Midnight Lady» og den eksplosive og hardrockande «Without You», der heile bandet står oppført som låtskrivarar. På scenen varte sistnemnde gjerne 15 minuttar med ekstra tekst. I 1973 spelte gruppa i den første episoden av musikkshowet Don Kirshner's Rock Concert der dei mellom anna spelte ein slik lang versjon av denne songen.

Under innspelinga av det neste albumet, What Were Once Vices Are Now Habits frå 1974, og øvingar for haustturneen deira i 1973, slutta brått Hossack i bandet, og meinte han var utbrend etter den stadige turneringa. Trommeslagaren, låtskrivaren og vokalisten Keith Knudsen (som tidlegare spelte for Lee Michaels) vart raskt henta inn i september 1973 og drog ut på turné med The Doobies nokre veker seinare. Hosscak erstatta sidan Knudsen i bandet Bonaroo, som var oppvarmingsartistar for The Doobies kort tid etter. Både trommene til Hossack og røysta til Knudsen er å høyre på Vices.

 
Doobie Bros på det nederlandske TV-showet TopPop (januar 1974).

I 1974 fekk ein av gitaristane i Steely Dan, Jeff «Skunk» Baxter, vite at bandet hans ikkje skulle spele turnear lenger og at Donald Fagen og Walter Becker hadde planar om å nesten berre bruke studiomusikarar i framtida. Han trengde fast jobb og vart med i The Doobie Brothers som ein tredje sologitarist i midten av den pågåande turneen deira. Han hadde tidlegare spelt med bandet i studio, og spelte pedalsteelgitar på både Captain («South City Midnight Lady») og VicesBlack Water», «Tell Me What You Want») og spelte alt med bandet som gjesteartist på denne turneen.

Vices inneheld den første førsteplassen til bandet, Simmons sin «Black Water». Denne toppa singellista i mars 1975 og var med å gjere albumet til eit album som selde til fleire platinaplater. Den lyriske Johnston-songen «Another Park, Another Sunday» og den blåsar-drivne funk-songen «Eyes of Silver» gjekk òg inn på singellista, på høvesvis 32. og 52. plassen.

I denne perioden og for fleire påfølgjande turnear, hadde The Doobies ofte med seg Stax Records-musikarane The Memphis Horns på scenen. Konsertopptak med blåsarar vart sendt på radio på King Biscuit Flower Hour, men ingen av desse opptaka er gjevne ut offisielt. The Memphis Horns var òg studiomusikarar på fleire album av The Doobie Brothers.

Mot slutten av 1974 byrja Johnston å slite med helsa på grunn av dei stadige turneane. Han var ikkje med då bandet spelte i lag med The Beach Boys, Chicago og Olivia Newton-JohnDick Clark's New Year's Rockin' Eve i desember det året. På den tida var Stampede, med western-tema, ferdig innspelt og klart for utgjeving i 1975. Det inneheld nok ein hitsingel i Johnston sin versjon av Holland–Dozier–Holland-songen «Take Me in Your Arms» (opphavleg sungen av Kim Weston og tidlegare spelt av The Isley Brothers, Blood Sweat and Tears og Mother Earth). Simmons bidrog med den atmosfæriske «I Cheat the Hangman», og «Neal's Fandango», ein ode til Santa Cruz, Jack Kerouac og Neal Cassady. Ry Cooder spelte slidegitar på cowboysongen til Johnston, «Rainy Day Crossroad Blues».

I starten av turneen deira våren 1975 var helsa til Johnston så dårleg at han måtte hasteinnleggast på sjukehus for blødande magesår. Medan Johnston kom seg på beina att fortsette turneen. Baxter føreslå å hente inn eit anna Steely Dan-medlem for å fylle holet: songaren, låtskrivaren og klaverspelaren Michael McDonald. Simmons, Knudsen, Porter og McDonald delte partane til Johnston mellom seg på scenen, medan Simmons og Baxter spelte sologitar.[14][15]

Michael McDonald-åraEndra

The Doobie Brothers hadde kontrakt om å levere eit album til i 1976. Den viktigaste låtskrivaren og vokalisten deira var framleis sjuk og utilgjengeleg, så dei vende seg til McDonald og Porter for å få nok songar, i tillegg til dei Simmons skreiv. Albumet Takin' It to the Streets var ei radikal endring av stilen deira. Den elektrisk gitar-baserte rocken deira vart erstatta av ein meir softrock- og blue-eyed soul-prega stil med vekt på klaverinstrument og blåsarar, og rolegare og meir synkoperte rytmar. Baxter bidrog med jazz-aktig gitarstil som minna om Steely Dan, i lag med uvanleg, kompleks harmoni og lengre og meir utvikla melodiar. I tillegg var røysta til McDonald dominerande i stilen. Takin' It to the Streets kom ut med tittelsporet og «It Keeps You Runnin'» av McDonald som begge vart hittar. Ein annan versjon av «It Keeps You Runnin'», framført av Carly Simon, kom ut på albumet hennar Another Passenger, med akkompagnement av The Doobie Brothers. Bassisten Porter skreiv og song «For Someone Special» som ein hyllest til den fråverande Johnston. Eit samlealbum, Best of the Doobies, kom ut mot slutten av året. I 1996 fekk dette albumet diamantplate i USA for meir enn 10 millionar selde eksemplar.

Den nye stilen deira vart vidare utbetra og McDonald stadfesta den meir dominerande rolla si med Livin' on the Fault Line frå 1977. Det inneheld ein coverversjon av Motown-klassikaren «Little Darling (I Need You)» og «Echoes of Love», skriven av Willie Mitchell for, men ikkje innspelt av, Al Green. Mitchell (som då var i The Memphis Horns) og Earl Randle hadde begge arbeidd ein god del med Green. Simmons la til noko musikk og tekst, og var medlåtskrivar på den endelege versjonen med Mitchell og Randle. Songen vart seinare spelt inn av The Pointer Sisters og Lyn Paul, tidlegare New Seekers-songar. Albumet inneheld òg songen «You Belong to Me» (skriven i lag av McDonald og Carly Simon, som hadde sin eigen hitversjon av songen). For å marknadsføre Fault Line, spelte bandet live på PBS-showet Soundstage. Baxter brukte ei tidleg utgåve av ein gitarsynthesizer (laga av Roland) på mange av songane (særskild tittelsporet og «China Grove»). Kombinasjonen av måten McDonald skreiv harmonivokal på, dei meir funky rytmane og ein tøtsj av R&B-vokal, i lag med gitarspelinga til Baxter, tok bandet ytterlegare bort frå proletariske biker-boogie-stilen som hadde gjort dei populære i starten. Bruken av komplekse jazz-akkordar, bygt over dei nøye komponerte klaverpartia til McDonald og gode pop-knaggar, gav eit album som, sjølv om det ikkje var jazz, hadde ei særprega moderne, urban kjensle.

 
The Doobie Brothers med Michael McDonald i 1976.

Både Streets og Fault Line bar preg av at Johnston var borte frå bandet på grunn av sjukdom. Då han vart frisk att bidrog han med ein original song på Streets («Turn It Loose»), og song òg eit vers på Simmons-songen «Wheels of Fortune». Han var òg på scenen med bandet i 1976, og ein konsert vart filma i Winterland i San Francisco, som berre har blitt vist i enkelte klipp på fjernsyn. Nok ein gong vart Johnston sett til sides då han vart utmatta av spelinga. Ingen av songane til Johnston var med på Fault Line, men han hadde skrive og bandet spelte inn fem av songane hans for albumet. Då Fault Line kom ut, var ingen av songane til Johnston med og han slutta i bandet han var med å skipe. Han stod derimot oppført som gitarist og vokal på omslaget og var med på eit bilete på innsida av omslaget. Han starta så ein solokarriere og fekk noko suksess med albumet Everything You've Heard is True i 1979, med singelen «Savannah Nights», og så det mindre suksessriket albumet Still Feels Good i 1981.

I denne overgangsperioden vart den tidlegare scenearbeidaren deira, Bobby LaKind, teken med på scenen som korvokalist og perkusjonist. I studio bidrog LaKind først med perkusjon på Streets, men hadde vore ein del av lysmannskapet deira sidan 1974. I 1978 var bandet med i to episodar av ABC-situasjonskomedien What's Happening!!,[16] der dei framførte «Little Darlin' (I Need You)», «Black Water», «Takin' It to the Streets» og «Take Me in Your Arms».

Etter nesten eit tiår på vegen og sju album, fekk The Doobie Brother stor suksess med det neste albumet, Minute by Minute i 1978. Det låg fem veker på toppen av listene og dominerte fleire radioformat dei neste to åra. McDonald-songen «What a Fool Believes», skriven i lag med Kenny Loggins, var den andre førsteplassen deira på singellista og gav dei to låtskrivarane (i lag med produsenten Ted Templeman) Grammyprisen for årets singel.[17] Album vann Grammyprisen for beste popsong av ei gruppe og var nominert til årets album.[17][18] Både «What a Fool Believes» og tittelsporet var nominert til årets song, og med «What a Fool Believes» vann dei denne prisen.[17] Av andre minneverdige songar på albumet finn ein «Here to Love You», «Dependin' On You» (skriven i lag av McDonald og Simmons), «Steamer Lane Breakdown» (ein bluegrassinstrumental av Simmons) og McDonald-songen «How Do the Fools Survive?» (skriven i lag med Carole Bayer Sager). Nicolette Larson og den tidlegare frontmannen Johnston bidrog med korvokal på albumet.

Triumfen til Minute by Minute vart bittersøt sidan det skjedde samstundes med at bandet nesten gjekk i oppløysing. Presset frå turnélivet og innspeling og utgjeving av eit album i året hadde slite bandmedlemmane ned. Baxter og McDonald hadde krangla ei tid om den kunstnariske utviklinga. McDonald ønskte ein direkte, sjelfull og polert rock/R&B-stil, medan Baxter ønskte utførlege gitarpartar og ein stadig meir avantgarde-stil. Både McDonald og Baxter snakka om dette i detalj i dokumentarserien Behind the Music, som gjekk på VH1 i februar 2001. Samstundes som Minute by Minute vart ein stor suksess, slutta Hartman, Baxter og LaKind i bandet. Bandet spelte to songar den 27. januar 1979 på Saturday Night Live (med gjesteprogramleiar Michael Palin) og det vart den siste fjernsynsframføringa deira med denne besetninga. Dei spelte så ein kort turné i Japan som vart dei siste konsertane med denne utgåva av bandet. Hartman vart med i turnébandet til Johnston i 1979 og eit konsertopptak med han kom ut på Soundstage i 1980.

Med eit overraskande hitalbum og større inntekter på konsertane deira, valte dei attverande u The Doobie Brothers (Simmons, Knudsen, McDonald og Porter) å hald fram. I 1979 vart Hartman erstatta av studiotrommeslagaren Chet McCracken og Baxter av multi-instrumentalisten John McFee (frå det tidlege bandet til Huey Lewis, Clover); Cornelius Bumpus (som hadde vore ein del av ei seinare utgåve av Moby Grape) vart òg henta inn på vokal, klaverinstrument, saksofon og fløyte. Denne besetninga turnerte gjennom 1979 med konsertar i mellom anna Madison Square Garden og Battery Park i New York City for No Nukes-konsertane med andre artistar som Bonnie Raitt, Crosby, Stills & Nash, James Taylor, Carly Simon, Jackson Browne, Bruce Springsteen og John Hall.

I 1970 vart LaKind fulltidsmedlem av bandet og The Doobie Brothers spelte inn det niande studioalbumet, One Step Closer. Tittelsporet vart ein hit og «Real Love» nådde topp 10, men dominerte ikkje lista og radio slik Minute by Minute hadde gjort, hovudsakleg på grunn av at «McDonald-stilen» vart nytta i for stor grad av mange andre artistar (som Robbie Dupree-hitten «Steal Away», som kopierte «McDonald-stilen» nesten note for note) på radio, i tillegg til at McDonald var gjestevokalist på hittar hos mange andre artistar, som Kenny Loggins, Christopher Cross, Lauren Wood og Nicolette Larson. Sjølve albumet var òg merkbart svakare musikalsk enn dei førre tre albuma, og samtidige kjelder meinte at bandet no berre var blitt bandet som akkompagnerte McDonald. «Ted og Michael vart ei gruppe mot Pat og resten av oss», sa Porter i eit intervju.[19] Porter hadde lenge vore frustrert med det harde turnélivet og ønskte eit stabilt familieliv, samstundes som han sleit med eit kokainproblem, og slutta i bandet etter innspelinga av Closer. Studiobassisten Willie Weeks kom inn i bandet og bandet fortsette å turnere gjennom 1980 og 1981. Etter Doobies har Weeks mellom andre spelt med bandet til Gregg Allman, Eric Clapton og mange andre).

 
Bak scenen i The Greek Theater i Berkeley i California i 1982.

Mot slutten av 1981 slutta sjølv Simmons i bandet. Bandet stod no utan originale medlemmar att og ein «leiar» i McDonald som var klar for ein solokarriere, valte gruppa å leggje inn årene og gje seg etter ei øving utan Simmons, i følgje eit intervju med McDonald for Listen to the Music, ein dokumentarfilm som kom i 1989. Han sa at på det tidspunktet kunne dei ikkje ha kome lenger bort frå Doobies-stilen om dei hadde prøvd. Simmons hadde alt byrja innspelinga av det første soloalbumet sitt, Arcade, og kom saman att med The Doobie Brothers for ein farvellturné i 1982 med vilkåret at dette verkeleg kom til å vere slutten for bandet. På den siste konserten deira i Greek Theatre i Berkeley i California den 11. september 1982, fekk dei med seg Tom Johnston på scenen for det som ein trudde kom til å bli den siste gongen dei spelte songen hans «China Grove». Dei tidlegare medlemmane Porter, Hossack og Hartman kom så på scenen for ein lengre versjon av «Listen to the Music». Knudsen song solovokal medan Johnston, Simmons og McFee spelte gitar. Konsertalbumet Farewell Tour kom ut i 1983 og konserten på Greek Theatre kom ut i 2011 som Live at the Greek Theatre 1982.

SameiningEndra

The Doobie Brothers arbeidde ikkje i lag dei neste fem åra, men forskjellige medlemmar kom saman i forskjellige konstellasjonar for årlege julekonsertar for pasientar og tilsette ved Stanford Children's Hospital i Bay-området. Simmons gav ut soloalbumet Arcade i 1983, men det selde dårleg. I midten av 1980-åra turnerte Johnston på klubbar i USA med eit band kalla Border Patrol, som ikkje gav ut nokre innspelingar. Hossack og (for ei kort stund) arbeidde Simmons med denne gruppa. Kring 1986 byrja Johnston og Simmons å arbeide på eit album i lag (i følgje eit intervju med Simmons frå 1989), men dei skrinla prosjektet kort tid etter utan å fullført nokre songar. I 1983 skipa Knudsen og McFee bandet Southern Pacific og spelte inn fire album som gjekk inn på countrylistene. Den tidlegare Creedence Clearwater Revival-bassisten Stu Cook kom inn i bandet i 1986 og den tidlegare Pablo Cruise-gitaristen David Jenkins i 1988. McDonald vart ein etablerte, skjeggete soloartist. Røysta hans dominerte adult contemporary-radio gjennom 1980-åra. Han fekk ny popularitet i 2000-åra som tolkar av Motown-klassikarar.

Sameininga av The Doobie Brothers var ikkje planlagd. Knudsen prøvde å finne noko meiningsfullt å gjere etter å ha kvitta seg dopmisbruket sitt vart han aktiv i Vietnam Veterans Aid Foundation. Tidleg i 1987 overtydde han 11 tidlegare medlemmar i Doobies om å bli med han på ein konsert til støtte for veteranane. Tom Johnston, Pat Simmons, Jeff Baxter, John McFee, John Hartman, Michael Hossack, Chet McCracken, Michael McDonald, Cornelius Bumpus, Bobby LaKind og Tiran Porter, vart alle med, i tillegg til den mangeårige produsenten og gode venen deira, Ted Templeman. Det var ingen ekstra bassistar sidan Weeks hadde andre plikter. Dei oppdaga raskt at det var stor etterspurnad etter billettar, så konsertane utvikla seg raskt til ein 12 konsertar lang turné som byrja 21. mai 1987, i San Diego. Den tredje konserten, i Hollywood Bowl, var visstnok den konserten som vart utseld raskast sidan Beatles hadde spelt der over 20 år tidlegare. Bandet framført eit utval frå kvart album. Baxter og McFee spelte pedalsteelgitar og fiolin under «Black Water» og «Steamer Lane Breakdown». «Without You» vart framført med fire trommeslagarar og fire sologitaristar. Produsenten Ted Templeman spelte perkusjon og LaKind spelte stundom på trommene til Knudsen, medan Knudsen stod framme på scenen og song korvokal. Templeman spelte òg trommer på «What a Fool Believes», som han gjorde på originalinnspelingar. Turneen enda (utan McDonald, McFee og Knudsen) på den Glasnost-inspirerte «Fredskonserten» i Moskva den 4. juli med Bonnie Raitt, James Taylor og Santana. Utdrag av denne konserten vart sendt seinare på Showtime, mellom anna med ei framføring av «China Grove».

Den suksessrike turneen deira i 1987 førte til diskusjonar om å gjere sameininga permanent. Dei valte til slutt å slå seg til ro med besetninga frå Toulouse Street/Captain and Me med Johnston, Simmons, Hartman, Porter og Hossack, i tillegg til det nyare medlemmet LaKind, og gav ut CyclesCapitol Records i 1989. Albumet inneheld topp 10-singelen «The Doctor». Songen er særs lik «China Grove», forsterka av pianospelinga til gjesteartisten Bill Payne. Andre songar på albumet var mellom andre Johnston sin «South of the Border», Dale Ockerman og Pat Simmons sine «Take Me to the Highway» og «I Can Read Your Mind», ein versjon av Isley Brothers-songen «Need a Little Taste of Love», og ein versjon av The Four Tops-klassikaren «One Chain (Don't Make No Prison)», som òg var blitt spelt av Santana fleire år tidlegare. Cycles vart ein suksess og selde til gullplate. Bumpus deltok på turneane i 1989 og 1990 med den særeigne røysta si, klaverinstrument, saksofon og fløyte. Dette skapte ei bru mellom det noverande bandet og McDonald-tida. Han song solovokal på «One Step Closer» (som han opphavleg hadde gjort i 1980) medan Simmons tok parten til McDonald. Gruppa vart utvida av Dale Ockerman (klaverinstrument, gitar, korvokal), Richard Bryant (perkusjon, vokal) og Jimi Fox (perkusjon, korvokal). Etter at LaKind fekk diagnosen dødeleg tjukktarmskreft gav han seg før turneen for å fokusere på helsa si.

1990-åraEndra

Suksessen med Cycles førte til albumet Brotherhood i 1991, òg det på Capitol. Bandmedlemmane let håret gro, kledde på seg denim og lêr, og prøvde å ta attende biker-imaget dei hadde tidleg i 1970-åra. Trass i stilendingar og sterkt materiale leia av Simmons-songen «Dangerous» (nytta i bikerfilmen til Brian Bosworth Stone Cold), selde Brotherhood dårleg, dels på grunn av manglande støtte hos Capitol Records.

Den påfølgjande turneen (med same besetning som i 1989 utanom Bumpus) vart spelt i lag med Joe Walsh på plakaten, og vart rangert ein av dei ti minst innbringande turneane sommaren 1991 av North American Concert Promoters Association.[20]

Alle medlemmane som hadde spelt konserten i 1987 kom saman att 17. og 19. oktober 1992 på Concord Pavilion i Concord i California for ein veldedig konsert til støtte for barna til LaKind. LaKind, som då var dødssjuk med tjukktarmkreft, vart med gruppa på perkusjon på eit par nummer. Konertane vart spelte inn og sidan sendt på radioserien Superstars in Concert med ei bøn om å bidra til familiefondet til LaKind. LaKind døydde 24. desember 1992, 47 år gammal.

Bandet tok ein kort pause der Simmons samarbeidde med bassisten og låtskrivaren John Cowan (tidlegare i New Grass Revival), Rusty Young (frå Poco) og Bill Lloyd (frå Foster & Lloyd) i eit prosjekt det ikkje vart noko av, kalla Four Wheel Drive. Då bandet kom saman att i 1993, trekte Hartman og Porter seg frå turneringa for godt, men Knudsen og McFee kom inn att i The Doobie Brothers på fulltid etter Southern Pacific vart oppløyst. Dei fekk med seg Ockerman, Bumpus og Weeks, og turnerte med Four Wheel Drive som oppvarming. Etter Weeks gav seg på turneen for å fortsette som studioartist, tok Cowan over på bass i begge banda. Bumpus slutta òg for å bli med i eit sameina Steely Dan, og gav plassen sin til saksofonisten, klaverspelaren og munnspelspelaren Danny Hull. Det tidlegare bandmedlemmet Chet McCracken tok mellombels over for ein skadd Hossack i juli 1993. I 1994 spelte dei somme konsertar i lag med Foreigner.

Med fornya energi i midten av 1990-åra, byrja bandet å eksperimentere med forskjellige arrangement på fleire melodiar. Dei henta til og med inn songar frå songboka til McDonald no og då, som «Takin' it to the Streets», som vart spelt i lag med Simmons og den nye bassisten Skylark (som kom inn i 1995) og som song McDonald sin solovokal.

Attende til permanente turnearEndra

Bandet har turnert jamt og trutt sidan 1993. I 1995 kom dei saman att med McDonald for ein turné i lag med Steve Miller Band. «Dreams Come True»-turneen med alle dei tre hovudlåtskrivarane og songarane dekte alle fasane av karrieren deira. Bumpus kom attende for turneen i 1995, medan McCracken erstatta Knudsen og Bernie Chiaravalle erstatta McFee. Eit dobbelt konsertalbum, Rockin' Down the Highway: The Wildlife Concert kom ut i 1996, med McDonald på tre av signaturlåtane hans. McDonald har stundom vore gjest på konsertane deira og særskild på veldedige og private konsertar (som bryllaupsfesten til Liza Minnelli og David Gest).

I midten av 1996 vart Ockerman erstatta av klaverspelaren Guy Allison (tidlegare i Moody Blues og Air Supply). Saksofonisten Marc Russo (frå Yellowjackets) kom inn i bandet tidleg i 1998, som erstattar for Hull.

Seint i 1990-åra fekk bandet eit påbod som hindra forvirrande eller villeiande bruk av namnet «The Doobie Brothers» i marknadsføring av eit hyllestband med dei tidlegare medlemmane McCracken, Bumpus and Shogren.

2000-åraEndra

I 1999 gav Rhino Records ut den første plateboksen deira, Long Train Runnin': 1970–2000, der heile katalogen deira vart ommastra. Det kom òg med eit nytt studioopptak av ein populær konsertsong, «Little Bitty Pretty One», og ei heil plate med studioopptak og konsertopptak som ikkje før var gjevne ut. Rhino gav året etter ut Sibling Rivalry, det første nye studioalbumet deira sidan 1991. Det hadde songar av både Knudsen og McFee, og varierte frå rock til hiphop, jazz, adult contemporary og country. Albumet selde dårleg, noko det meste av albumrock gjorde på denne tida.

 
The Doobie Brothers på scenen i Chumash Casino Resort i Santa Ynez i California, den 31. august 2006

22. juni 2001, medan dei var på veg til ein konsert i Caesars Tahoe i Lake Tahoe, fekk Hossack fleire beinbrot i ei motorsykkelulukke på Highway 88 og måtte i legehelikopter til sjukehus i Sacramento, der han vart operert. Trommeslagaren og perkusjonisten M.B. Gordy vart henta inn for å vikariere for Hossack. Hossack var borte i fleire månader før han kom attende i midten av 2002. Gordy vart verande med bandet som ekstra perkusjonist fram til 2005.

26. oktober 2004 gav The Doobie Brothers ut Live at Wolf Trap, eit konsertalbum spelt inn i Wolf Trap National Park for the Performing Arts i Vienna i Virginia 25. juli det året. Albumet var siste gongen trommeslagaren og vokalisten Keith Knudsen spelte med dei, då han døydde i februar 2005.

2010-åraEndra

For turneane deira i 2010 og 2012, spelte bandet igjen saman med Chicago, som dei gjorde i 1974, 1999 og 2008.

I mars 2010 gav den mangeårige bassisten og vokalisten Skylark seg frå bandet etter eit hjerneslag. John Cowan, som opphavleg turnerte med bandet tidleg i 1990-åra, tok plassen til Skylark, og er framleis med i bandet i dag. Tre månader seinare, før bandet la ut på sommareturneen i 2010 med Chicago, måtte Hossack gje seg då han fekk kreftdiagnose. Tony Pia, medlem av Brian Setzer Orchestra, vart henta inn som erstatta. Pia har vore offisielt medlem i bandet sidan Hossack døydde i 2012.

28. september 2010 gav The Doobie Brothers ut det 13. studioalbumet sitt, World Gone Crazy, produsert av den mangeårige produsenten deira Ted Templeman. World Gone Crazy var det første Doobie Brothers-albumet Templeman produserte sidan One Step Closer i 1980. Den første singelen frå albumet, «Nobody», vart strøyma gratis på nettsida deira.[21]

I mars 2012 var fem medlemmar av Doobie Brothers-familien daude. perkusjonisten og vokalisten LaKind den 24. desember 1992 av tjukktarmkreft,[22] den originale bassisten og vokalisten Shogren 14. desember 1999,[23] saksofonisten, klaverspelaren, vokalisten og fløytisten Bumpus av hjarteinfarkt 3. februar 2004 ombord på eit fly på veg til California for ein soloturné,[24] trommeslagaren, vokalisten og aktivisten Keith Knudsen den 8. februar 2005 av kreft og kronisk lungebetennelse og[25] trommeslagaren Michael Hossack av kreft 12. mars 2012.[26]

13. november 2012 gav The Doobie Brothers ut den offisielle dokumentarfilmen Let the Music Play: The Story of The Doobie Brothers. Han inneheld intervju og sjeldne klipp frå dei tidlege dagane deira i 1970-åra og fram til i dag. Johnston, Simmons, McDonald, McFee, Porter og Baxter, i tillegg til manageren Bruce Cohn, produsenten Ted Templeman, og familiemedlemmar av Johnston og Simmons, vart intervjua i filmen.

I mars 2014 annonserte The Doobie Brothers i lag med Sony Music Nashville det 14. studioalbumet deira. Det vart ei nyinnspeling av ei rekkje av dei største hittane deira, spelt i lag med ei rekkje countryartistar på solo- og korvokal. I tillegg deltok Michael McDonald på albumet. Av artistane som spelte på albumet finn ein Sara Evans, Vince Gill, Hunter Hayes, Casey James, Toby Keith, Love and Theft, Jerrod Niemann, Brad Paisley, Blake Shelton, Tyler Farr, Chris Young, Charlie Worsham og Zac Brown Band.

Albumet fekk namnet Southbound og kom ut 4. november 2014. Dagen etter spelte The Doobie Brothers og Michael McDonald på CMA Awards, og fekk med seg Hunter Hayes, Jennifer Nettles og Hillary Scott på ei framføring av «Listen to the Music». Mot slutten av seremonien fekk dei i tillegg med seg Brad Paisley for «Takin' It to the Streets».

The Doobie Brothers spelte på Music City Roots den 13. mai 2015, der dei delte scene med Béla Fleck og Dan Tyminski. Dette var andre gongen bandet spelte på denne staden, etter ein heilakustisk konsert der i 2011. Den akustiske delen av konserten i 2015 bestod av songar publikum ikkje hadde høyrt på mange år, som den bluesaktige «Chicago» frå Toulouse Street.

Tidleg i august 2015 måtte klaverspelaren og korvokalisten Guy Allison dra til Japan for å arbeide på eit albumprosjekt. Little Feat-medlemmet og pianisten Bill Payne, som spelte på mange av dei tidlege studioalbuma til Doobie Brothers, vart henta inn som vikar for Allison. Alliskon kom attende ei kort stund etter konserten deira 5. september i Susquehanna Bank Center i Camden i New Jersey.

20. august 2015 var The Doobie Brothers og Michael McDonald musikalske gjester på The Tonight Show Starring Jimmy Fallon, der dei framførte ein medley av «Long Train Runnin'» og «Takin' It to the Streets». Bandet spelte òg «What a Fool Believes» som berre var tilgjengeleg på nettsida til The Tonight Show.

Ettermiddagen 11. september 2015 spelte The Doobie Brothers på Lockn' Festival i Arrington i Virginia, der dei delte scene med jambandet The String Cheese Incident. Same dagen flydde The Doobie Brothers til Cherokee i Nord-Carolina for ein kveldskonsert.

I oktober 2015 slutta Payne i Little Feat og erstatta offisielt Guy Allison i The Doobies. Dette vart offisielt annonsert av bandet 1. desember 2015.

24. november 2015 annonserte The Doobie Brothers i lag med Journey ein turné med Dave Mason. Turneen starta 12. mai 2016 i Irvine Meadows Amphitheatre og enda 4. september 2016, Då The Doobies og Journey spelte i lag med Steve Miller Band og Santana i AT&T Park.

Johnston kunne ikkje bli med på Warren Haynes Christmas Jam den 12. desember 2015 på grunn av ein kneoperasjon nokre veker tidlegare.

Trommeslagaren Tony Pia slutta i bandet sommaren 2016, og Ed Toth var att som den einaste trommeslagaren i bandet. Sommaren 2017 spelte The Doobie Brothers igjen ein sommarturné i lag med Chicago, inkludert to helger på Classic concerts i juli 2017 i lag med Eagles, Steely Dan, Fleetwood Mac, Journey og Earth, Wind & Fire. På seinhausten 2017 spelte dei i Europa, der dei var oppvarming for Steely Dan. Sommareturneen i 2017 vart framført i lag med Steely Dan.

Den tidlegare perkusjonisten i Allman Brothers, Marc Quiñones, kom med i bandet i mai 2018.[27]

15. og 16. november 2018 framførte bandet heile Toulouse Street og The Captain and MeBeacon Theatre i New York City.[28] Konsertane kom ut på eit konsertalbum 28. juni 2019.[29] Bandet spelte igjen desse to albuma i Ryman Auditorium i Nashville.

Bandet turnerte med Santana sommaren 2019.

At the end of the concert, Simmons made the announcement that McDonald will rejoin the band in 2020 and participate in the band's 50th Anniversary tour. This tour will mark the first time the four principal players of the Doobie Brothers - Johnston, McDonald, Simmons, and McFee - will be on the road together in 25 years.[30]

2020-åraEndra

15. januar 2020 vart det annonsert at The Doobie Brothers var ei av seks grupper som kom til å bli innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 2020. Seremonien skulle opphavleg vere 2. mai 2020, men vart utsett på grunn av COVID-19-pandemien.[31] Ein planlagt 50-årsjubileumsturné i 2020 vart utsett til 2021 av same årsak med McDonald attende som fulltidsmedlem.[32]

MedverkandeEndra

Noverande medlemmarEndra

  • Tom Johnston – solo- og korvokal, gitar, munnspel (1970–1977, sidan 1987)
  • Patrick Simmons – solo- og korvokal, gitar (1970–1982, sidan 1987)
  • Michael McDonald – solo- og korvokal, klaverinstrument (1975–1982, 1987, 1992, 1995–1996, sidan 2019)
  • John McFee – gitar, pedalsteelgitar, fiolin, munnspel, korvokal (1979–1982, 1987, 1993–1995, sidan 1996)
  • John Cowan – bass, korvokal (1993–1995, sidan 2010)
  • Marc Russo – saksofon, fløyte (sidan 1998)
  • Ed Toth – trommer, perkusjon (sidan 2005)
  • Bill Payne – klaverinstrument, korvokal (sidan 2015)
  • Marc Quiñones – perkusjon (sidan 2018)

Tidlegare medlemmarEndra

  • Dave Shogren – bass, klaverinstrument, korvokal (1970–1971; død 1999)
  • John Hartman – trommer, perkusjon (1970–1979, 1987–1992)
  • Michael Hossack – trommer, perkusjon (1971–1973, 1987–2012; død 2012)
  • Tiran Porter – bass, vokal (1971–1980, 1987–1992)
  • Keith Knudsen – trommer, perkusjon, vokal (1973–1982, 1987, 1993–2005; død 2005)
  • Jeff «Skunk» Baxter – gitar (1974–1979, 1987, 1992)
  • Bobby LaKind – conga, vokal, perkusjon (1976–1982, 1987, 1992; død 1992)
  • Chet McCracken – trommer, perkusjon (1979–1982, 1987, 1995)
  • Cornelius Bumpus – saksofon, klaverinstrument, vokal (1979–1982, 1987, 1989–1990, 1992, 1993, 1995; død 2004)
  • Willie Weeks – bass, vokal (1980–1982, 1993)
  • Dale Ockerman – klaverinstrument (1988–1995)
  • Jimi Fox – perkusjon, vokal (1989–1991)
  • Richard Bryant – perkusjon, vokal (1989–1991)
  • Danny Hull – saksofon (1993–1998)
  • Skylark – bass, vokal (1995–2010)
  • Bernie Chiaravalle – gitar (1995)
  • Guy Allison – klaverinstrument, korvokal (1996–2015)
  • M.B. Gordy – perkusjon (2001–2005)
  • Ed Wynne – saksofon (2002)
  • Tony Pia – trommer, perkusjon (2010–2016)

DiskografiEndra

For meir om dette emnet, sjå Diskografien til The Doobie Brothers.


KjelderEndra

  1. Mitchell K. Hall (9. mai 2014). The Emergence of Rock and Roll: Music and the Rise of American Youth Culture. Routledge. s. 169. ISBN 978-1-135-05358-1. 
  2. Erlewine, Stephen Thomas. The Doobie BrothersAllmusic. Henta 28. oktober 2016.
  3. Nathan Brackett; Christian David Hoard (2004). The New Rolling Stone Album Guide. Simon and Schuster. s. 254. ISBN 978-0-7432-0169-8. 
  4. «The Vocal Group Hall of Fame Foundation». Henta 31. oktober 2020. 
  5. Johnson, Kevin; Johnson, Kevin (24. mars 2020). «Rock and Roll Hall of Fame induction for the Doobie Brothers, Whitney Houston, Nine Inch Nails moves from May to November». St. Louis Post-Dispatch (på engelsk). Henta 31. oktober 2020. 
  6. «The Doobie Brothers To Make Grand Ole Opry Debut Saturday, February 26». Opry.com. 18. februar 2011. Arkivert frå originalen 2011-10-13. Henta 31. oktober 2020. 
  7. «RIAA». RIAA. Arkivert frå originalen 2007-07-01. Henta 1. november 2020. 
  8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 Doar, Spencer (4. april 2013). «Q&A with a Doobie Brother». Minnesota Daily. Henta 31. oktober 2020. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Tatangelo, Wade (25. februar 2015). «Doobie Brothers bring whiff of nostalgia to Winterfest: interview». Sarasota Herald-Tribune. Henta 31. oktober 2020. 
  10. Metzer, Greg (2008). Rock Band Name Origins: The Stories of 240 Groups and Performers. Jefferson, N.C.: McFarland & Co. s. 69. ISBN 9780786438181. 
  11. 11,0 11,1 Hochman, Steve (1999). Popular Musikars. Pasadena, California: Salem Press. s. 332. ISBN 9780893569860. 
  12. Piorkowski, Jeff (27. mars 2013). «Through 40 years, Doobie Brother Patrick Simmons has remained a constant». Cleveland Sun. Henta 31. oktober 2020. 
  13. Jackson, Blair. «Little Feat Article - Feb 2001»MixOnline.com.
  14. Menn, Don. «GP Flashback : The Doobie Brothers, June 1976»Guitar Player Magazine.
  15. Blackett, Matt. «The Doobie Brothers»Guitar Player Magazine.
  16. Sally Wade (writer); Mark Warren (director) (28. januar 1978). «Doobie or Not Doobie (Parts 1)». What's Happening!!. Episode 16. ABC. 
    Sally Wade (writer); Mark Warren (director) (4. februar 1978). «Doobie or Not Doobie (Parts 2)». What's Happening!!. Episode 17. ABC. 
  17. 17,0 17,1 17,2 «Grammy Awards 1980». AwardsandShows.com. Henta 1. november 2020. 
  18. «Minute by Minute GRAMMY Awards». AllMusic. Henta 1. november 2020. 
  19. «Hide Doobie Brother Guitarist Recalls Santa Cruz Days». Santa Cruz Weekly. Arkivert frå originalen 2014-01-01. Henta 23. mai 2012. 
  20. Sitert i Billboard Magazine, 14. desember 1989
  21. «The Official Website». Doobie Brothers. Henta 1. november 2020. 
  22. «1992 - 1993». Dead Rock Stars Club. Henta 1. november 2020. 
  23. «1998 - 1999». Dead Rock Stars Club. Henta 1. november 2020. 
  24. «2004. januar To June». Dead Rock Stars Club. Henta 1. november 2020. 
  25. «2005. januar to June». Dead Rock Stars Club. Henta 1. november 2020. 
  26. «2012. januar to June». Dead Rock Stars Club. Henta 1. november 2020. 
  27. «The Doobie Brothers on Twitter». Henta 1. november 2020. 
  28. «The Doobie Brothers Announce Historic Full-Album Performances at The Beacon Theatre in NYC». Henta 1. november 2020. 
  29. «Live From the Beacon Theatre». Henta 1. november 2020. 
  30. Nancy Kruh (19. november 2019). «Doobie Brothers Surprise Sold-Out Crowd with Michael McDonald and a Reunion Tour Announcement». People. Henta 1. november 2020. 
  31. «Rock & Roll Hall of Fame's induction ceremony is rescheduled for November». Henta 1. november 2020. 
  32. «Doobie Brothers Tour Postponed Due to COVID-19». Rolling Stone. Henta 12. oktober 2020. 
  33. «Gregg Allman 2015 North American Tour Schedule With The Doobie Brothers & Pat Simmons Jr.». 16. mai 2015. Henta 1. november 2020. 

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: The Doobie Brothers