Opna hovudmenyen
Let's Twist Again
Singel av Chubby Checker
B-side «Everything's Gonna' Be All Right»
Utgjeve 19. juni 1961
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:16
Selskap Parkway 824n
Låtskrivar(ar) Kal Mann, Dave Appell
Produsent Kal Mann
Chubby Checker-kronologi
«The Mess Around»
(1961)
Let's Twist Again «The Fly»
(1961)


«Let's Twist Again» er ein song skriven av Kal Mann og Dave Appell, og gjeven ut på singel av Chubby Checker. Det var ein av dei største hitsinglane i 1961. Han nådde åttandeplassen på poplista til Billboard i USA og tredjeplassen på lista til Cash Box i august det året. I Storbritannia nådde singelen andreplassen i februar 1962. Songen refererer til twist-dansen som herja på denne tida og til singelen «The Twist» som gjekk to gonger til topps på den amerikanske singellista i september 1960 og igjen i januar 1962.

Songen vann Grammy-prisen i 1962 foe beste rock and roll-song. Checker song òg i songen på tysk som «Der Twist beginnt» og på italiensk som «Balliamo il Twist». Songen er med på filmmusikkalbumet til filmen The Help.[1]

Den kroatiske songaren Tatjana Cameron Tajči spelte inn ein versjon på kroatisk kalla «Moj mali je opasan». I 1985 spelte Kids Incorporated inn «Let's Twist Again» i sesong to av Rock of Ages.[2]

SalslisteEndra

Liste (1961–1962) Plassering
Belgia[3] 1
Nederland[4] 1
Frankrike[5] 18
Tyskland[6] 12
Italia[7] 3
Noreg[8] 2
Storbritannia (Record Retailer)[9] 2
Storbritannia (NME)[10] 1
USA Billboard Hot 100[11] 8
USA Cash Box Top 100[12] 3
US Hot R&B Singles[11] 26
Liste (1976) Plassering
Austerrike[13] 11
Belgia[3] 1
Nederland[4] 3
Ireland Singles Chart[14] 11
Noreg[8] 5
Sverige[15] 10
Liste (2012) Plassering
Frankrike[16] 155

Johnny Hallyday-versjonenEndra

Viens danser le twist
Singel av Johnny Hallyday
frå albumet Viens danser le Twist
Utgjeve 1961
Selskap Philips
Johnny Hallyday-kronologi
«Nous quand on s'embrasse»
(1961)
Viens danser le twist «Retiens la nuit» / «Ya ya twist»
(1962)


Songen vart spelt inn på fransk av Johnny Hallyday. Versjonen hans (kalla «Viens danser le twist») kom ut i 1961 og låg sju veker på toppen av den franske singellista, frå 13. november til 13. desember 1961 og frå 13. januar til 9. februar 1962.[17] I Vallonia (Fransk Belgia) låg singelen 40 veker inne på lista og nådde òg toppen av singellista.[18]

SalslisteEndra

Liste (1961–1962) Plassering
Belgia (Ultratop 40 Vallonia)[18] 1
Frankrike[17] 1
Liste (2000) Plassering
Frankrike (SNEP)[19] 40

KjelderEndra

  1. «The Help (Music From the Motion Picture)». Amazon.com. July 26, 2011. Henta 18. februar 2018. 
  2. Kids Incorporated - Let's Twist Again (1985)
  3. 3,0 3,1 «Let's twist again in Belgian Chart». Ultratop and Hung Medien. Henta 18. februar 2018.  cf. «chartrun» for more details
  4. 4,0 4,1 «Let's twist again in Nederland Chart». Hung Medien. Henta 18. februar 2018.  cf. weeks on chart for more details
  5. Dominic DURAND / InfoDisc. «Let's twist again in French Chart». Arkivert frå originalen February 17, 2014. Henta 18. februar 2018.  You have to use the index at the top of the page and search «Chubby Checker»
  6. «Let's twist again in German Chart». Media control. Henta 18. februar 2018. 
  7. «The best-selling singles of 1962 in Italy». HitParadeItalia (it). Henta 18. februar 2018. 
    15. Let's twist again - Chubby Checker [#3, 1961/62]
  8. 8,0 8,1 Hung Medien. «Let's twist again in Norwegian Chart». Henta 18. februar 2018.  cf. weeks on chart for more details
  9. «Artist Chart History Details: Chubby Checker». The Official Charts Company. Arkivert frå originalen 15 June 2011. Henta 18. februar 2018. 
  10. Rees, Dafydd; Lazell, Barry; Osborne, Roger (1995). Forty Years of «NME» Charts (2nd utg.). Pan Macmillan. s. 110. ISBN 0-7522-0829-2. 
  11. 11,0 11,1 «Chubby Checker awards on Allmusic». Allmusic. Henta 18. februar 2018. 
  12. «CASH BOX Top 100 Singles week ending August 5, 1961». Randy Price. Henta 18. februar 2018. 
  13. Hung Medien. «Let's twist again in Austrian Chart». Henta 18. februar 2018. 
  14. «Let's twist again in Irish Chart». IRMA. Arkivert frå originalen 3 June 2009. Henta 18. februar 2018.  Only one result when searching «Let's twist again»
  15. Hung Medien. «Let's twist again in Swedish Chart». Henta 18. februar 2018. 
  16. Hung Medien. «Let's twist again in French Chart». Henta 18. februar 2018. 
  17. 17,0 17,1 «Viens danser le Twist - Johnny Hallyday - Hit-Parade.net». Henta 18. februar 2018. 
  18. 18,0 18,1 "Ultratop.be – Johnny Hallyday – Viens danser le twist" (på fransk). Ultratop 40. Ultratop & Hung Medien / hitparade.ch.
  19. "Lescharts.com – Johnny Hallyday – Viens danser le twist" (på fransk). Les classement single. Hung Medien.

BakgrunnsstoffEndra