Let Me Be There
Singel av Olivia Newton-John
frå albumet Let Me Be There
Utgjeve 1973
Sjanger Country, pop
Lengd 3:02
Selskap Festival
Låtskrivar(ar) John Rostill
Produsent Bruce Welch
John Farrar
Olivia Newton-John-kronologi 
«Take Me Home, Country Roads»
(1973)
Let Me Be There «Long Live Love»
(1974)


«Let Me Be There» er ein song skriven av John Rostill. Han vart først spelt inn av Olivia Newton-John i 1973 og gjeven ut på albumet hennar med same namn. Country-songen vart den første store hitten til Newton-John i USA, og nådde sjetteplassen der. Ho vann òg Grammyprisen for beste kvinneleg countrysong. Mike Sammes syng bass-stemme på songen.[1]

Andre versjonar

endre

«Let Me Be There» vart spelt på mange av konsertane til Elvis Presley fram til han døydde i 1977. Ein versjon frå 20. mars 1974 finst på albumet Elvis: As Recorded Live On Stage In Memphis. Denne vart òg gjeven ut på albumet Moody Blue i 1977. Tanya Tucker spelte inn songen for gullalbumet hennar Would You Lay with Me (In a Field of Stone) i 1974 og er med på fleire av samleplatene hennar.

Lister

endre
Liste (1973) Plassering
U.S. Billboard Hot 100 6
U.S. Billboard Hot Adult Contemporary Tracks 3
U.S. Billboard Hot Country Singles 7
Canadian RPM Top Singles 2
Canadian RPM Adult Contemporary Tracks 3
Canadian RPM Country Tracks 11
Australian Kent Music Report 11

Kjelder

endre
  1. Morse, Ann; Keely, John (March 1, 1976). Olivia Newton-John. Creative Education. 

Bakgrunnsstoff

endre