Letchworth
Letchworth Garden City, som regel berre kalla Letchworth, er ein by i grevskapet Hertfordshire i England. Han har kring 33 500 innbyggjarar. Namnet kjem frå ein av tre landsbyar som byen omfattar, i lag med Willian og Norton. Alle desse var nemnde i Domesday Book. Landet vart først kjøpt av kvekarar som meinte å dyrke området og byggje eit kvekarsamfunn. Dei oppdaga derimot raskt av jorda var kalkrik og dårleg jordbruksland.
Letchworth | ||
---|---|---|
Den gamle kyrkja i Letchworth | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Hertfordshire | |
Distrikt | North Hertfordshire | |
Grunnlagd | 1903 | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
33 600 | |
Koordinatar | 51°59′N 0°14′W / 51.983°N 0.233°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | SG6 | |
Telefon-retningsnummer | 0 1462 | |
Garden City vart grunnlagd i 1903 av Ebenezer Howard og var ein av dei første planlagde byane og var ein av dei første hagebyane i verda.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Letchworth» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juli 2011.