Hertfordshire (forkorta Herts) er eit seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap aust i England. Hovudbyen er Hertford.

Hertfordshire
grevskap
Motto: Trust and fear not
Land  England
Region Aust-England
Areal 1 643 km²
Folketal 1 078 400  (2008)
Grunnlagd Historisk
Status Seremonielt og ikkje-metropolitansk grevskap
Kart
Hertfordshire
51°54′N 0°12′W / 51.9°N 0.2°W / 51.9; -0.2
Wikimedia Commons: Hertfordshire

Grevskapet er eit av dei såkalla Home Counties og ligg i indre område. Det grensar til Stor-London, Buckinghamshire, Bedfordshire (dei sameinte styresmaktene Luton og Central Bedfordshire), Cambridgeshire og Essex. Hertfordshire er kjend som fødestaden til pave Adrian IV, den einaste paven nokon gong frå Dei britiske øyane.

Store delar av Hertfordshire er ein del av pendlarbeltet til London.

Historie

endre

I romersk tid låg ein av dei viktigaste byane i romersk Britannia der, nemleg Verulamium (på same stad som dagens St. Albans).

Hertfordshire var opphavleg det området som var underlagt ei festning som vart bygd i Hertford i 913 under Edward den eldre. Namnet Hertfordshire er nemnt i Den angelsaksiske krønika.

I 1613 vart den menneskeskapte elva New River opna, med startpunkt i Hertfordshire. Ho vart graven ut for å skaffe reint drikkevatn til London.

I 1965 vart Barnet overført til Stor-London, men samstundes vart Potters Bar og South Mimms overført frå Middlesex.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hertfordshire

Kjelder

endre