Letizia av Spania

Letizia av Spania (fødd 15. september 1972) er dronning av Spania sidan ektemaken Felipe blei spansk konge 19. juni 2014. Letizia er ein tidlegare spansk journalist som blei spansk kronprinsesse etter å ha gifta seg med kronprins Felipe. Paret har to barn, Leonor og Sofía.

Letizia av Spania

FøddLetizia Ortiz Rocasolano
15. september 1972
Oviedo i Spania
TittelKronprinsesse av Spania
Alle titlarKronprinsesse av Spania
Fullt namnLetizia
Hus eller slekthuset Bourbon-Anjou, Spanish Royal Family
LandSpania
MorPaloma Rocasolano Rodríguez
FarJesús José Ortiz Álvarez
EktefelleFelipe av Spania
SambuarAlonso Guerrero Pérez, Kitín Muñoz
BarnLeonor av Spania, Sofia av Spania
MedlemAcademy of Television and Audiovisual Arts and Sciences of Spain
Asociación de la Prensa de Madrid

Karriere

endre

Letizia tok mastergrad i journalistikk ved Complutense-universitetet i Madrid. Ho har arbeidd for avisene La Nueva España og ABC og nyheitsbyrået EFE. Etter studia arbeidde ho ei tid ved den meksikanske avisa Siglo XXI i Guadalajara. Då ho kom tilbake til Spania blei ho tilsett ved fjernsynskanalen Bloomberg før ho flytta til CNN+ og deretter til statlege TVE. Ho var nyheitsanker og reporter som mellom anna rapporterte frå New York like etter flyåtaket i 2001, frå Galicia etter oljeutsleppet frå tankaren «Prestige», og frå Irak etter invasjonen i 2003.

Bilde

endre