Felipe VI av Spania

(Omdirigert frå Felipe av Spania)

Felipe VI av Spania (fødd 30. januar 1968) er konge av Spania. Han er son av kong Juan Carlos av Spania og dronning Sofia, og kom på trona 19. juni 2014, etter at faren abdiserte.

Felipe VI av Spania

Konge av Spania
Regjeringstid2014
Fullt namnFelipe Juan Pablo Alfonso de Todos los Santos de Borbón y Grecia
Fødd30. januar 1968
FødestadMadrid
FøregangarJuan Carlos av Spania
Gift medLetizia av Spania
Dynastihuset Bourbon-Anjou
FarJuan Carlos I av Spania
MorSofia av Spania
BornLeonor av Spania, Sofia av Spania

Bakgrunn endre

Felipe vart fødd som ein ordinær spansk prins, men då faren vart utropt til konge etter at general Franco døydde i 1975, vart han som tronfølgjar gjeve tittelen fyrste av Asturias, som tilsvarar den britiske tittelen prinsen av Wales. Tittelen er knytt til krona av Castilla. Han har òg tittel av fyrste av Gerona, hertug av Montblanc, greve av Cervera og herre av Balaguer, alle titlar knytt til Aragons krone. Vidare har han tittel av Fyrste av Viana, knytt til Navarras krone.

Utdanning endre

Prinsen studerte jus og økonomi i Madrid frå 1987 til 1993, og tok seinare mastergrad i internasjonale relasjonar ved Georgetown University i Washington D.C. Han har i tillegg militær utdanning.

Familie endre

Den 1. november 2003 vart forlovinga mellom prinsen og TV-journalisten Letizia Ortiz Rocasolano annonsert. Dei gifta seg i Almudena-katedralen i Madrid den 22. mai 2004. Vigselen vart følgt av ei rekkje prominente kongelege og ikkje-kongelege gjestar, omfram 25 millionar TV-sjåarar i Spania og resten av verda.

 
Våpenskjoldet til fyrsten av Asturias.

Den 8. mai 2005 vart det kunngjort at tronfølgerparet venta det første barnet sitt. Prinsesse Leonor vart fødd 31. oktober 2005, og vart nummer to i arverekkjefølgja etter far sin.

Prins Felipe vart i 1995 tildelt storkrossen av St. Olavs orden.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Felipe VI av Spania