Levajok Fjellstue
Levajok Fjellstie er ei fjellstove som ligg ved Tanaelva i Tana kommune. Tidlegare var dette ein av Statens Fjellstuer som gav losji til reisande i Tana dalen. I 1951 kjøpte Ivar Hauge fjellstova frå staten og utvikla fjellstova til eit turistmål for jakt- og fiskeinteresserte. Fjellstova er ein av sjekkpunkta til Finnmarksløpet.[1][2]
Levajok Fjellstue | |||
Levajok Fjellstue 69°54′33″N 26°25′51″E / 69.90911111°N 26.43075°E |
---|
Fjellstova er betent med restaurant, og har 14 hytter til utleige.
Brannen i Levajok
endreLevajok Fjellstove vart bygd i 1922,[1] og var ein av dei få bygningane i Finnmark som overlevde andre verdskrigen. Den 22. februar 2007 brann fjellstova ned og vart totalskadd.[3] Det vart bygd ei ny fjellstove i 2009.[4]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Askheim, Svein (19. mars 2020). «Levajok». Store norske leksikon (på norsk bokmål).
- ↑ Roy Myrland (15. mars 2017). «Finnmarksløpet. -Litt om sjekkpunktet Levajok Fjellstue». langsveien.no. Henta 24. februar 2019.
- ↑ «Livsverk i ruiner». ifinnmark.no. Finnmark Dagblad. 21. februar 2007. Henta 24. februar 2019.
- ↑ «Levajok bygger Saltdalshytter». finnmarkslopet.no. Finnmarksløpet AS. 9. oktober 2009. Henta 24. februar 2019.