Tanaelva
Tanaelva, på nord-samisk Deatnu, finsk Teno («Storelva»), er ei 348 kilometer lang elv, den femte lengste i Noreg,[1] som renn gjennom kommunane Karasjok og Tana i Finnmark fylke. Over 256 kilometer av elva utgjer grensa til Finland. Den eksakte grensa følgjer djupålen i elva, og blir kontrollert kvart 25. år.[2]
Tanaelva | |||
elv | |||
Land | Noreg, Finland | ||
---|---|---|---|
Del av | grensa mellom Finland og Noreg | ||
Nedslagsfelt | 16 377 km² | ||
Renn gjennom | Karasjok, Tana | ||
Sideelvar | Frå høgre: Luftjok, Polmakelva, Vetsijoki, Akujoki Frå venstre: Masjokelva, Lákšjohka, Borsi, Leavvajohka, Váljohka | ||
Lengd | 348 km | ||
Middelvassføring | 197 m³/s | ||
Kjelde | Finland | ||
Munning | Tanafjorden | ||
Tanaelva 70°30′00″N 28°23′45″E / 70.5°N 28.3959°E | |||
Wikimedia Commons: Tana River (Fennoscandia) |
Elva er kjend for laksefisket og er den største lakseelva i Noreg. Tanaelva har verdsrekorden for den største atlantiske laksen teken på stong. Han vog 36 kilo og vart teken i 1929.
Tana bru blei bygd i 1948 og har eit hovudspenn på 195 meter. Ho er den lengste mjuke hengebrua i Noreg. Grensepassering til og frå Finland skjer ved Polmak og over Samelandsbrua ved Utsjoki.
Elva munnar ut i Tanafjorden. Tanamunningen er eit av dei største urørte deltaområda i Europa.
Tana blei verna mot kraftutbygging i 1980 gjennom Verneplan II for vassdrag.[3]
Referansar
endre- ↑ Norges vassdrags- og energidirektorat: Dei lengste elvane i Noreg Arkivert 2005-11-24 ved Wayback Machine.
- ↑ Grensevassdrag, arkivert frå originalen 18. desember 2013, henta 20. november 2018
- ↑ «234/1 Tana (Deatnu)». nve.no -> Vann, vassdrag og miljø -> Verneplan for vassdrag. Norges vassdrags- og energidirektorat. 26. juni 2017. Henta 22. juli 2017.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Tanaelva» frå Wikipedia på bokmål, den 20. november 2018.