Lier stasjon var ein stasjon i Lierbyen på den strekninga av Drammensbanen mellom Spikkestad stasjon og Brakerøya som vart lagt ned då Drammensbanen fekk ny trasé gjennom Lieråstunnelen og over Lierstranda i 1973. Stasjonen vart teke i bruk då Drammensbanen stod ferdig i 1872. I 1904 vart Lier stasjon dessutan eine endestasjonen for den smalspora Lierbanen opp til Svangstrand ved Tyrifjorden. Denne bana vart lagt ned for godt 1. januar 1937.

Tog på veg inn til Lier stasjon 4. mars 1906, fotografert av Anders Beer Wilse (1865–1949)

Lier stasjon vart lagt ned 3. juni 1973, ettersom det då ikkje var jarnbane her lenger. På den nye strekninga gjennom Lieråstunnelen vart det opna ein haldeplass rett attmed tunnelopninga, eit godt stykkje landeveg unna den nedlagde stasjonen i Lierbyen. Denne stoppestaden har frå 1996 hatt namnet Lier haldeplass etter fyrst å ha hatt namnet Tuverud haldeplass, og har såleis ikkje noko med den nedlagde Lier stasjon å gjere.

Bakgrunnsstoff endre