Tristein

(Omdirigert frå Lille Færder)

59°01′36.43″N 10°31′26.89″E / 59.0267861°N 10.5241361°E / 59.0267861; 10.5241361

Tristein er tre holmar som ligg omlag to nautiske mil sør for øya Store Færder i Færder nasjonalpark i Færder kommune. Færder fyrstasjon er plassert på den midtre av øyane.
Foto: Karl Ragnar Gjertsen

Tristein er ei lita øygruppe i Ytre Oslofjord. Øygruppa ligg i den parten av Færder kommune som tidlegare var Tjøme kommune i Vestfold fylke. Det er som namnet seier, tre øyar i øygruppa. I tillegg er det fleire små skjer mellom og omkring øyane. Færder fyrstasjon er plassert på den midtre av øyane.

Omtrent to nautiske mil nord for Tristein ligg øya Store Færder. Der låg frå 1697 eit kolfyrt kystfyr. Det vart nedlagt då eit nytt fyr vart sett i drift på Tristein i 1857. Ruinar kan sporast etter den gamle fyrstasjonen. Fyrstasjonen fortsette å heite Færder også etter flyttinga, og det er truleg difor Tristein ofte vert kalla Lille Færder.

Namnet Færder har vorte godt kjend gjennom den årlege Færderseilasen med over tusen konkurrerande seglbåtar. Av namnet skulle ein kanskje tru at seglasen hadde vendepunktet sitt rett ved Store Færder eller ved Færder fyrstasjon, men slik er det ikkje. Ytterpunktet for dei største båtklassane i Færderseilasen er Tristeingrunnen. Dette er ei grunne om lag ei nautisk mil sørom Tristein.

Kjelder endre