Lily Bandehy (fødd i 1949) er ein norsk-iransk forfattar, debattant, lærar og psykiatrisk sjukepleiar.[1][2]

Lily Bandehy
Fødd 1949 (75 år)
Iran
Yrke sjukepleiar, skribent
Born Tooji

Bandehy var fødd i ein landsby utanfor Shiraz i Iran.[3] Ho hadde seks sysken som voks opp.[2]

Femten år gammal blei ho gifta bort til ein eldre slektning, og fekk fire barn med han.[4] Ho var politisk aktiv under både sjah- og Khomeini-regimet.[5] Ho sende bort eldstesonen for å redda han frå å vera soldat i krigen mellom Iran og Irak.[2] I 1988 følgde ho og resten av familien han til Noreg som flyktningar.[2][6][7][8] Ho tok sjukepleiarutdanning og blei åleinemor etter å ha skild seg.[2]

Lily Bandehy har skrive blogg og ei rekkje avisinnlegg, og har verka som konsulent hjå Human Rights Service (HRS).[9]

I 2003 gav Lily ut si første bok, den sjølvbiografiske Jeg kommer fra Iran. Oppfølgingsboka kom i 2011, En slette av valmuar, og i 2014 gav ho ut ei kokebok Smakrike minner fra Persia, den første persiske kokeboka utgjeve i Noreg[10] som òg er omsett til engelsk. I 2019 gav Lily Bandehy ut ein ny personleg roman, Smaken av kirsebær.

Som samfunnsdebattant er Lily kjent gjennom sit kritiske blikk mot religion og då spesielt islam. Ho er opphavleg muslim, men har konvertert til kristendomen. Ho bloggar og skriv særleg om tema som ytringsfridom og religion. I 2008 var ho med å grunnleggja organisasjonen LIM (Likestilling, integrering, mangfald) og 2016 Ex-Muslim sin of Norway og var nestleiar i organisasjonen Ex-Muslims of Norway.

Bandehy blei tildelt Født Fri-prisen i 2019.[11]

Ho er mor til artisten Tooji.[12]

Referansar endre

  1. «Outsidere på norsk jord» (på norsk bokmål). Aftenbladet. 21. mai 2019. Henta 9. oktober 2020. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «En persisk rose fra Shiraz» (på norsk bokmål). frifagbevegelse.no/. 30. januar 2004. Henta 9. oktober 2020. 
  3. «Lily Bandehy», Dagens Perspektiv (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 26. oktober 2021, henta 7. november 2020 
  4. «LILY BANDEHY: Jeg kommer fra Iran», www.oa.no (på norsk), 6. april 2004, henta 7. november 2020 
  5. «Bandehy, Lily | Solum|Bokvennen», solumbokvennen.no, henta 7. november 2020 
  6. NRK (17. desember 2003). «Jeg kommer fra Iran» (på norsk bokmål). Henta 9. oktober 2020. 
  7. Gran, Even. «Mener Født fri sår hat og splid ved å gi pris til Lily Bandehy» (på norsk). Henta 17. februar 2020. 
  8. Ntb. «Tårevått gjensyn for Toojis mor» (på norsk bokmål). Henta 17. februar 2020. 
  9. Storhaug, Hege, -Jeg er mer stolt av Tooji enn av profetene – Human Rights Service (på norsk bokmål), henta 7. november 2020 
  10. Castello, Claudio, «Utgir den første persiske kokeboken i Norge», Utrop (på engelsk), henta 6. november 2020 
  11. «Født Fri kritiseres for pris til Lily Bandehy» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 17. februar 2020. Henta 17. februar 2020. 
  12. Skogrand, Merete (23. februar 2012). «Tooji snakker ut om mobbingen» (på norsk). Henta 17. februar 2020.