Muhammed Reza Pahlavi
Muhammed Reza sjah Pahlavi (26. oktober 1919–27. juli 1980) var den siste sjahen av Iran, frå 1941 til 1979. Han hadde titlane Sjâhansjâh, 'kongane sin konge', og Aryamehr 'ariarane sitt lys'.
Muhammed Reza Pahlavi | |
![]() | |
Fødd | 26. oktober 1919 Teheran |
Død | |
Yrke | politikar, monark |
Muhammed Reza Pahlavi på Commons |
På slutten av krigen preget politisk uro Iran og i 1953 tvinga den venstrenasjonalistiske statsministeren Mossadegh sjahen til å fare frå landet. Det utanlandsk-kontrollerte oljeselskapet blei nasjonalisert. Sjahen kom tilbake, og var med og avsette Mossadegh gjennom eit statskupp, leidd av general Fazlollah Zahedi med støtte frå CIA.
Muhammed Reza blei på grunn av dei store oljerikdomane ein av dei fremste leiarene i Midtausten. Han avvikla fleirpartisystemet slik at han kunne styre gjennom eit eittpartiregime som han hevda var nødvendig som svar på den kommunistiske trusselen frå det venstreorienterte Tudehpartiet.
Sjahen godkjente skipinga av den hemmelege politistyrken, SAVAK, illgjeten for omsynslaus forfølging av politisk opposisjon.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Muhammed Reza Pahlavi» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juni 2009.