Lim O-kyeong (fødd 11. desember 1971) er ein sørkoreansk tidlegare handballspelar og seinare politikar frå Jeongeup. Ho vart olympisk meister for Sør-Korea i 1992 og verdsmeister i 1995. Lim var spelstyrar.

Lim O-kyeong


Statsborgarskap Sør-Korea
Fødd 11. desember 1971 (52 år)
Jeongeup
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2004, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992

Karriere endre

Idrett endre

Lim var toppskårar i finalen då Sør-Korea ved Sommar-OL 1992 i Barcelona forsvarte OL-tittelen frå heimebane i 1988. Ho skåra åtte av mål då Noreg vart slått 28-21. Tre år seinare vart ho verdsmeister under Handball-VM 1995. I 1996 vart ho ny toppskårar i ein OL-finale, dessutan skåra ho flest mål av alle i turneringa. Sør-Korea tapte OL-finalen i Atlanta etter ekstraomgangar mot Danmark. Lim deltok også då Sør-Korea i 2004 på ny tapte ein OL-finale, atter mot Danmark og fyrst etter straffekasting. Året i førevegen fekk ho og Sør-Korea bronse under verdsmeisterskapen.

Politikk endre

I 2020 vart Lim vald inn i den sørkoreanske nasjonalforsamlinga som representant for Demokrat-partiet.

Kjelder endre