Handball under Sommar-OL 1992/Kvinner

Handball under Sommar-OL 1992 for kvinner vart avvikla frå 30. juli til 8. august 1992 i Granollers og Barcelona. Åtte land deltok i turneringa: Austerrike, Nigeria, Noreg, Spania, Sør-Korea, Tyskland, USA og eit mannskap frå den oppløyste «Sovjetunionen».

Laga var delt inn i to grupper med fire lag i kvar, der alle laga i den enkelte gruppa spelte kamp mot einannan. Dei to beste laga i gruppene avanserte til semifinalar, medan trearane i gruppene møttest til kamp om femteplassen og firarane om sjuandeplassen. Noreg enda på andreplass i gruppe B. I semifinalen slo Noreg «Sovjetunionen» med 24 mot 23.

Finalen endre

Finaleoppgjeret stod dermed mellom tittelforsvarar Sør-Korea og Noreg. Koreanarane feia i fyrste omgangen over dei norske kvinnene og leia 16–8 ved pause. Den andre omgangen vart ein transportetappe inn mot siger 28–21. Sørkoreanske Lim O-kyeong skåra 8 mål og vart toppskårar i finalen.

Dei norske måla kom frå Heidi Sundal (7), Susann Goksør (4), Cathrine Svendsen (3), Kristine Duvholt (2), Siri Eftedal, Hanne Hogness, Tonje Sagstuen, Karin Pettersen, Henriette Henriksen, (1, alle). Ingrid Steen og målvaktene Annette Skotvoll og Hege Frøseth skåra ikkje i finalen. Også Heidi Tjugum, Anne-Brit Skarstein, Hege K. Kvitsand og Mona Dahle var med i den norske OL-troppa.

Kvinnene frå tidlegare «Sovjetunionen» vann bronse etter firemålssiger over Tyskland.

Kjelder endre