Handball under Sommar-OL 1996/Kvinner

Handball under Sommar-OL 1996 for kvinner vart avvikla frå 26. juli til 3. august 1996 i Georgia World Congress Center i Atlanta. Åtte land deltok i turneringa: Angola, Danmark, Kina, Noreg, Sør-Korea, Tyskland, Ungarn og USA.

Laga var delt inn i to grupper med fire lag i kvar, der alle laga i den enkelte gruppa spelte kamp mot einannan. Dei to beste laga i gruppene avanserte til semifinalar, medan trearane i gruppene møttest til kamp om femteplassen og firarane om sjuandeplassen. Noreg enda på andreplass i gruppe B og tapte så både semifinalen mot Danmark og bronsekampen mot Ungarn.

Finalen

endre

Finaleoppgjeret stod mellom tittelforsvarar Sør-Korea og Danmark. Ved pause leia Sør-Korea 17–13. I den andre omgangen utlikna Danmark til 29–29 før full tid var ute, for så å brenne eit straffekast seks sekund før slutt. Etter fyrste ekstraomgang var det framleis likt, 31–31, men så drog dei danske kvinnene ifrå og sikra seg gullmedaljar med siffera 37 mot 33.

Anja Andersen vart dansk toppskårar med 11 nettkjenningar. Mellom dei andre olympiske meistrane fann ein Anette Hoffmann, Camilla Andersen, kapteinen Janne Kolling, Anne Dorthe Tanderup, Tina Bøttzau, Tonje Kjærgaard og målvaktene Susanne Munk Lauritsen og Lene Rantala. Sørkoreanske Lim O-kyeong skåra heile 15 mål i finalen og vart med sine i alt 41 fulltreffarar toppskårar i turneringa.

Kjelder

endre