LimeWire er eit «peer-to-peer(P2P)»-program som lèt brukarar dela og søka etter og lasta ned filer frå andre brukarar. Programmet bruker Gnutella-protokollen, og har open kjeldekode.

Logo for LimeWire.

LimeWire er ikkje ei nettside eller ein teneste, og står ikkje bak filene som er i nettverka deira. Folk som nyttar LimeWire gjer eigne filer tilgjengelege for brukarar andre stadar i verda. Slik fildeling er ulovleg om ein ikkje sjølv har opphavsretten eller løyve til å dela filene.

Programmet er skrive i programmeringsspråket Java, og kan dermed køyra på kva som helst datamaskin som har Java Virtual Machine installert. Installasjonsprogrammet til LimeWire finst også i fleire versjonar for Microsoft Windows, Mac OS X og Linux.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: LimeWire