Lincolnmonumentet

«Lincolnmonumentet» (på engelsk Lincoln Memorial) er eit nasjonalmonument i Washington D.C. i USA oppført 1915–1922 til minne om Abraham Lincoln (1809–1865), som var USAs 16. president 1861–1865. Monumentet er utforma som eit dorisk marmortempel med ei kjempestatue av presidenten. Det er plassert på National Mall, eit grøntområde som strekkjer seg frå Det kvite hus i nord ned via Washingtonmonumentet til Jefferson Memorial ved Potomac River. Monumentet vart designa av arkitekten Henry Bacon og marmorstatuen laga av bilethoggaren Daniel Chester French.

Lincolnmonumentet

ArkitektHenry Bacon
Stilnyhellenistisk arkitektur
Kart
Lincolnmonumentet
38°53′21″N 77°03′01″W / 38.889277777778°N 77.050138888889°W / 38.889277777778; -77.050138888889

Lincolnmonumentet var staden der den svarte borgarrettsforkjemparen Martin Luther King heldt sin berømte tale 28. august 1963, årsdagen for avskaffinga av slaveriet, der han ytra orda «I have a dream...».

Bakgrunnsstoff

endre