National Mall

National Mall er eit stort grøntområde i Washington, D.C. som strekkjer seg frå Capitol i nord ned via Washingtonmonumentet til Jefferson Memorial ved Potomac-elva. I aust/vestleg retning strekkjer National Mall seg frå John F. Kennedy Center for the Performing Arts via Washingtonmonumentet til Capitol Hill.

Luftfoto av National Mall i Washington D.C. med «Lincolnmonumentet» fremst i biletet, deretter Reflecting Pool (reflekterande basseng), World War II Memorial, «Washington-monumentet» og United States Capitol, USAs føderale capitol og sete for Kongressen.
Foto: 2014

I området sør og austom Washingtonmonument er dei fleste av monumenta over amerikanske presidentar, til dømes Lincolnmonumentet, Franklin Delano Roosevelt Memorial, National World War II Memorial, Korean War Memorial, Vietnam War Veteran Memorial og Albert Einstein Memorial.

Mellom Washington Monument og Capitol er Smithsonian Institution med fleire ulike musé.

HistorieEndra

Tanken bak den nasjonale alleen vart opphavleg frå Pierre Charles L'Enfant, ein franskfødt amerikansk arkitekt og sivilingeniør. Hans planar for byen Washington, DC, skapt i 1791. Likevel vart hans tankar fyrst realisert på byrjinga av 1900-talet med McMillans kommisjonplan som òg var inspirert av City Beautiful movement, ein progreessiv arkitektonisk byforskjønnelsebevegelse. Blant anna innebar McMillans plan å flytta hovudjarnbana frå ein stad på National Mall til dens noverande lokalisering ved Union Station.

Den amerikanske kongressen godkjende lova Reserve Act i 2003 for å innskrenka ytterlegare konstruksjonar på National Mall.[1] -->

KjelderEndra

  1. Park Service Seeks Ideas for a Mall Makeover – Washingtonpost.com

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: National Mall