Linn Siri Jensen (fødd 18. januar 1961) er ein norsk tidlegare handballspelar og seinare skuleleiar frå Bergen. Målvakta vann VM-bronse i 1986.

Linn Siri Jensen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. januar 1961 (63 år)
Bergen
Yrke handballspelar, handballtrenar

Jensen spelte ei tid på Fyllingen i heimbyen, før ho flytta til Oslo og melde seg inn i IL Vestar, eit lag ho vart seriemeister med i 1989.

Jensen fekk sin landslagsdebut 18 år gammal og var i fyrste halvdelen av 1980-åra mykje godt for fyrstemålvakt på landslaget å rekne. Ho var med då det norske kvinnelandslaget gjorde sitt gjennombrot i internasjonal handball og tok bronsemedalje i VM 1986 i Nederland, ein meisterskap der ho vart skadd og fekk lite speletid. Eitt år seinare spelte ho sin 121. og siste landskamp.

Merittar endre

Kjelder endre