Handball-VM 1986 for kvinner

Verdsmeisterskapen i handball 1986 for kvinner, den 10. i rekka, vart avvikla i tida 24. november til 4. desember 1986 i Nederland. Til saman 16 land deltok i turneringa. Sovjetunionen sikra seg meisterpokalen for andre gong då laget vann finalen mot Tsjekkoslovakia med 30 mål mot 22. Noregs lag overraska stort og vann bronsemedaljen, den aller fyrste til eit norsk handballag i ein internasjonal meisterskap. Meisterskapen innleia ein over 30 år lang periode der Noregs kvinnelandslag i handball har høyrt med mellom verdas aller beste landslag.

VM-finalen endre

Finalen mellom dei to gruppevinnarane i hovudrunda, Sovjetunionen og Tjekkoslovakia, vart spelt i Rotterdam. Ved pause leia Sovjetunionen 15-12. Utover i andre omgangen drog det sovjetiske laget ifrå og vann ein klar åttemålssiger, 30-22. Vinnarlaget sine mål kom ved Natalija Kirtsjik som fann nettmauskane 14 gongar, halvparten på straffekast, og elles netta Larissa Karlova 5 og Olga Semjonova 4 mål, kantspelarane Marina Bazanova og Olena Nemasjkalo skåra 3 gongar kvar, medan spelstyrar Zinajida Turtsjyna skåra 1 mål.

Mária Ďurišinová vart Tsjekkoslovakias toppskårar med 9 finalemål.

Sovjetunionen måtte tole fire 2-minuttsutvisingar, Tsjekkoslovakia tre.

Bronsefinalen endre

Noreg spelte for fyrste gong om medalje i ein internasjonal meisterskap og møtte Aust-Tyskland til dyst om bronsemedaljane. Etter ein forrykande fyrsteomgang leia dei norske kvinnene med heile seks mål, 14-8. Utover i andre omgangen minka leiinga, men sigeren i bronsekampen var aldri verkeleg truga og med 23-19 stod dei norske spelarane att med høgst overraskande bronsemedaljar.

Flest mål for Noreg skåra rykkromspelarane Ingrid Steen og Cathrine Svendsen med 4 nettkjenningar kvar. Elles skåra kapteinen Hanne Hegh, Trine Haltvik og Kristin Midthun 3 gongar, medan Anne Migliosi og Heidi Sundal stod for 2 mål kvar og Kjerstin Andersen stod framifrå godt i mål. Dei andre norske bronsefinalistane var Karin Pettersen, Karin Singstad, Kristin Eide og målvakta Unni Birkrem. Åse Birkrem, Hanne Hogness og ei skadd målvakt, Linn Siri Jensen, var med i VM-troppa, men måtte sjå kampen frå tribunen.

Kjelder endre