Lionel Messi
Lionel Andrés Messi (fødd 24. juni 1987 i Rosario i Santa Fe-provinsen) er ein argentinsk fotballspelar som spelar for Paris Saint-Germain i fransk Ligue 1, og på Argentina sitt landslag.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Lionel Andrés Messi | ||
Fødd | 24. juni 1987 (37 år) | ||
Fødestad | Rosario | ||
Høgd | 170 cm | ||
Posisjon | Ving /spiss | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Paris Saint-Germain | ||
Nummer | 30 | ||
Ungdomsklubbar | |||
1995-2000 2000-04 |
Newell's Old Boys Barcelona | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-05 2004-2021 2021- |
Barcelona B Barcelona Paris Saint-Germain |
22 (6) 520 (474) 1 (0) | |
Landslag | |||
2005- | Argentina | 123 (61) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 17. februar 2018 ‡ Landslagsmål oppdatert 11. november 2017 |
Messi begynte å spela fotball i ung alder, og talentet hans vart raskt oppdaga av Barcelona. Han forlet Rosario-klubben Newell's Old Boys sitt ungdomslag i 2000 og flytta til Europa med familien, då Barcelona tilbaud han behandling for veksthormonsjukdommen hans. Han debuterte for Barcelona i 2004/05-sesongen og sette ny rekord for yngste fotballspelar i ein spansk ligakamp, og dessutan yngstemann til å skåra ligamål. Han fekk gjennombrotet sitt i 2006/07-sesongen då han vart fast på førstelaget, skåra hat-trick i det klassiske oppgjeret mot Real Madrid og enda sesongen med 14 mål på 26 ligakampar. I 2008/09-sesongen skåra Messi 38 mål då Barcelona vann tre ulike meisterskap. Han har vore med på å vinna den spanske seriemeisterskapen med Barcelona i 2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013, den europeiske Meisterligaen i 2006, 2009 og 2011 og VM for klubblag i 2009 og 2011. Dei fem siste sesongane, frå 2009/10-sesongen av, har han vore klubben sin toppskårar i serien.
Messi var toppskårar i ungdomsverdsmeisterskapen i 2005, med seks mål. Ikkje lenge etterpå vart han eit fast innslag på Argentina sitt A-landslag. I 2006 vart han yngste argentinar som hadde spelt i VM i fotball. I 2008 var han med på å vinna fotballkonkurransen under sommar-OL i Beijing.
Han vart kåra til årets fotballspelar i verda av FIFA i 2009, 2010, 2011, 2012 og 2015.
Kjelder
endre- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk wikipedia 16. mars 2010.