Lipizzanar er ein hesterase frå Austerrike. Rasen er tett knytt til Den spanske rideskulen i Wien, og til stutteriet i Lipica i noverande Slovenia.

Lipizzanar i Lipica.
Lipizzanarhingsten Neapolitano Aga framfor Den spanske rideskulen i Wien.

Skildring endre

 
Mørke ungdyr.

Lipizzanaren vert oftast fødd grå eller brun, men skiftar gradvis farge fram til han er heilt kvit. Dette kan ta så lang tid som 10-12 år, men det varierer. Fargen vert kalla avbleikbar skimmel. Lipizzanaren er ein mellomstor hest, rundt 145-155 cm i mankehøgd.

Historie endre

Lipizzanaren er særleg knytt til stutteriet i Lipizza (no Lipica i Slovenia), som var ein del av Austerrike på den tida då hesterasen vart til. Lipizzanaren vart fyrst alt fram av fyrstehuset Habsburg for bruk mellom anna i krig og ved hoffet. 1580 vert rekna som årstalet då rasen lipizzaner vart grunnlagd. Hestar frå den spanske halvøya vart brukt i avlen, og alle lippizanarar i dag stammar frå spanske linjer. Seinare har også italienske, tyske, danske og arabiske hingstar vorte brukt i lipizzaneravlen.

Førekomst endre

Det finst mindre enn 3000 lipizzanarar i verda, så rasen vert rekna som sjeldan.

Bruk endre

Lippizanaren er mest kjend som dressurhest ved Den spanske rideskulen i Wien. Han vert også nytta ved andre rideskular, og er mykje nytta som sirkushest.

 
Sørafrikansk lipizzanar som utfører ein levade.
 
Illustrasjon av ballotade.

Hesten er kjend for ulike øvingar, mellom anna:

  • Levade: Hesten reiser seg på bakbeina og held kroppen i 30 graders vinkel, noko som krev stor styrke i bakbeina. I ei liknande, mindre krevjande øving, pesade, reiser hesten seg til 45 graders vinkel.
  • Courbette: Hesten står på bakføtene og hoppar.
  • Capriole: Hopp på staden der framføtene blir bøygde inn under hesten medan han sparkar bakut i toppen av spranget.
  • Croupade: Forløpar til capriole. Både fram- og bakføter blir bøygde inn under hesten i spranget.
  • Ballotade: Forløpar til capriole. Hesten sparkar ikkje bakut, men ein kan sjå hesteskorne på bakføtene om ein står bak hesten når han hoppar.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.