Lipoprotein er store kuleforma molekylkompleks av lipid og protein. Dei har lipiddelen, som er hydrofob, inne i kjernen av komplekset og eit eitt molekyl-tjukt lag av frie kolesterol, fosfolipid og apoprotein, som alle er hydrofile, ytst. Dette gjer dei løyselege i blodserum, slik at lipida kan fraktast gjennom blodbanane med komplekset.

Strukturen til eit kylomikron, eit lipoprotein

Lipoprotein vert mellom anna klassifiserte etter eigenvekta si; lipoprotein med høg tettleik (HDL) og lipoprotein med låg tettleik (LDL) er to døme på slike kategoriar.

Kjelder

endre

«lipoprotein» av Britt Lande i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 20. desember 2016.