Liposom er små kuleforma doble lag med lipid med ein kjerne av vatn. Dei har gjerne ein storleik på 25–100 nanometer, og vert laga gjennom at lipid i vatn vert utsette for høgfrekvente lydbylgjer.

Illustrasjon av eit liposom

Inni vasskjernen av liposom kan det kapslast inn molekyl, til dømes medisin. Liposom med molekyl kan trengja gjennom sellemembranen og levera molekyl på innsida.

I utrøyningar vart liposom nytta til å levera antibiotikum til bakteriar i biofilm. Ved låge antibiotikumnivå var liposombore antibiotikum meir effektivt enn fritt antibiotikum.[1]

Kjelder endre

«liposom» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 22. februar 2016.

  1. Jones, Malcolm N.; et al. (23. november 1994). «The targeting of phospholipid liposomes to bacteria». Biochimica et Biophysica Acta. doi:10.1016/0005-2736(94)90295-X. 
  Denne biokjemiartikkelen som har med medisin å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.