Lisa Kristoffersen
Lisa Kristoffersen (13. april 1833–27. januar 1924), også kalla «Dyre-Lisa», «Bikkje-Lisa» og «Kristianias våkne samvittighet», var ein av original i Kristiania som tok på seg oppgåva som dyrevernar i byen.[1]
Lisa Kristoffersen | |
Byoriginalen og dyrevennen Lisa Kristoffersen i 1917. Foto: Ukjent/Oslo Museum | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 13. april 1833 |
Død |
27. januar 1924 (90 år) |
Yrke | Dyrevernaktivist |
Lisa Kristoffersen på Commons |
Liv og virke
endreKristoffersen var fødd på Sagene og gifta seg ung. Ho og mannen flytta til USA, der dei blei i nærmare 25 år. I Chicago, der dei budde, engasjerte ho seg for velferda til dyra ved sida av å drive sitt eige vaskeri og strykeri.
Tilbake i Kristiania stod Kristoffersen på torget og selde frukt, bær og blomar. Ho måtte livnære seg sjølv og mannen, som var sjuk og utan arbeid. Ho tok gjerne oppstilling ved foten av Youngsbakken, Norabakken og Smithebakken, som var stadar der hestane streva med tunge lass og difor kunne vere utsette for sinnet til køyrekarane. Det samla seg gjerne folkemengder der ho var på ferde med sitt rutete sjal og paraply.
Kristoffersen naut stor respekt og var frykta blant kjørekarar og andre som ikkje behandla dyra med omsut. Dersom ein køyrekar ikkje lystra ho, fekk han kjenne knortekjeppen på ryggen. Om dette ikkje hjelpte blåste ho i politifløyta og overlet vedkommande til ein politikonstabel.
I 1907 skipa Kristoffersen, saman med vennar, ei av dei tidlegaste foreiningane for dyrevern i Kristiania, Foreningen mot mishandling av dyr (1859), som seinare blei til Dyrebeskyttelsen, og Norske Kvinners Dyrebeskyttelse i Kristiania (1893) var tidlegare ute.[2] Ho tenestegjorde som inspektør i foreininga. Ho blei tildelt Kongens fortenestemedalje i sølv i 1921.[3]
Ettermæle
endreEtter at Lisa Kristoffersen døydde er ho blitt heidra som ein pioner for dyrevernrørsla. I 1934 fekk ho ein plass på Bjølsen kalla opp etter seg, Lisa Kristoffersens plass.
I 1989 blei det oppretta ei stifting, Stiftelsen Lisa Kristoffersens Minde, til minne om henne og virket hennar. Stiftinga har som oppgåve å «yte støtte til aktivt dyrevernarbeide».[4] Stiftelsen delar ut legat til dyrevernarar og organisasjonar som jobbar med dyrevern, og blir forvalta av Dyrebeskyttelsen Norge.[5]
Kjelder
endre- ↑ Velle, Vegard (18. oktober 2019). «Lisa Kristoffersen, fra Sagene, var landets første dyrevernsaktivist. Nå hedres hun med blått skilt». vartoslo.no (på norsk bokmål). Henta 20. desember 2021.
- ↑ «Om oss». Dyrebeskyttelsen Norge (på norsk bokmål). Henta 24. januar 2022.
- ↑ «Kongens fortjenstmedalje». Dagen, 6. april 1921, side 1.
- ↑ «Nøkkelopplysninger fra Enhetsregisteret - Brønnøysundregistrene». w2.brreg.no. Henta 20. desember 2021.
- ↑ «Om oss». Dyrebeskyttelsen Norge (på norsk bokmål). Henta 20. desember 2021.
- Denne artikkelen bygger på «Lisa Kristoffersen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. mars 2023.
Bakgrunnsstoff
endre- Sanstøl, Jorunn: Jeg er Lisa Kristoffersen! i Byminner nr. 4-2009, s.42-44
- Nielson, Haakon B. : Lisa Kristoffersen, dyrenes beste venn, artikkel i Aftenposten 21/10-1981