Lisa Teige
Lisa Teige (fødd 19. januar 1998) er ein norsk skodespelar og dansar frå Ytrebygda i Bergen. Teige har gått på danselinja ved Edvard Munch videregående skole i Oslo.[1]
Lisa Teige | |||
Fødd | 19. januar 1998 (26 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Bergen | ||
Aktive år | 2015– | ||
Verka som | skodespelar, dansar |
Hausten 2015 vart Teige kjend då ho spelte hovudrolla i fyrste sesong av NRK-dramaserien Skam som karakteren Eva Kviig Mohn. Serien handlar om ungdom som går på Hartvig Nissens skole i Oslo.[2] I 2018 spelte ho hovudrolla som Amalie i dansefilmen Battle.[3]
Referansar
endre- ↑ ««Skam»-Eva danser i Bergen». Bergens Tidende. Arkivert frå originalen 20. desember 2016. Henta 25. november 2021.
- ↑ «Om serien | Skam - P3.no». NRK P3.
- ↑ «Battle». Henta 27. juli 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Lisa Teige» frå Wikipedia på bokmål, den 25. november 2021.