Lisanhalvøya eller Al-Lisān (arabisk for 'tunga') i Jordan er ei stor landtunge som no skil det nordlege og sørlege bassenget i Daudehavet. Halvøya skil den nordlege delen av Daudehavet frå den grunnare sørlege delen. Før vasstanden i sjøen gjekk ned på 1900- og 2000-talet var ho eit nes som delte havet i to fråskilde bekken i nord og sør.[1]

Lisanhalvøya
halvøy
Lisanhalvøya har utvida seg og deler no Daudehavet i to delar.
Land  Jordan
Koordinatar 31°15′N 35°27′E / 31.250°N 35.450°E / 31.250; 35.450
Kart
Lisanhalvøya
31°15′N 35°27′E / 31.25°N 35.45°E / 31.25; 35.45

Den nordlege delen av halvøya vert kalla Costiganneset, til minne om Christopher Costigan, ein irsk oppdagar som omkom i 1835 av varme og tørste etter å ha vore stranda i havet i fleire dagar. Han tok den første kjende båtturen på sjøen i moderne tid. Sørvestenden av halvøya vert kalla Molyneuxneset, til minne om Thomas Howard Molyneux, ein offiser i britiske Royal Navy som utforska Daudehavet i august 1847 og omkom på reisa heim. Det tørrlagte sundet mellom Lisanhalvøya og vestkysten vert kalla Lynchsundet og er kalla opp etter William Francis Lynch som utforska Daudehavsområdet i 1848.

Som med den nærliggande Har Sedom (Jebel Usdum), består halvøya stort sett av kvit, kalkhaldige sediment med salt og gips, som stig 200 meter opp på austsida.

Al-Lisān får rundt 65 mm nedbør i året.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Kenneth Pletcher (1-21-2016), «Dead Sea», Encyclopædia Britannica