Lismore i Skottland
Lismore (skotsk-gælisk Lios Mòr) er ei øy i Indre Hebridane i Skottland som er delvis gælisk-talande. Ho er ei frodig, lågtliggande øy som ein gong var eit stort senter for keltisk kristendom med eit kloster grunnlagt av St. Moluag og sete for biskopen av Argyll.
Lismore Lokalt namn ⓘ | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°31′N 5°30′W / 56.52°N 5.5°W |
Øygruppe | Indre Hebridane
|
Areal | 23,51 km²
|
Høgaste punkt | Barr Mòr (127 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Argyll and Bute |
Største busetnad | Achnacroish
|
Demografi | |
Folketal | 146 (2001) |
Folketettleik | 6,2 /km² |
Geografi
endreLismore ligg i Loch Linnhe, nordaust for Mull i Argyll and Bute. Nesten heile øya består av dalradisk kalkstein,[1] og har eit rikt jordsmonn med mykje tre og kratt.[2]
Øya har to båtsamband til fastlandet, ei bilferje til Oban og ei passasjerferje frå nordenden av øya til Port Appin. Lismore fyr, bygt av Robert Stevenson, ligg på den vesle øya Eilean Musdile i sørvest.
Historie
endreLismore har vorte kraftig avfolka sidan 1800-talet, som mange av øyane i Hebridane. I 1845 budde her 1430 innbyggjarar, og i 1971 berre 180.[3] I 2001 var det 146 innbyggjarar, og 45 % av desse var over 60 år gamle. Dette gjer ho til den skotske øya med høgast gjennomsnittleg alder.[4]
Jordbruk har alltid vore viktig med dyrking av bygg og havre på 1700- og 1800-talet. I dag vert det drive kveg- og sauehald.[1]
Tidlegare vart det brytt mykje kalkstein, særleg på vestksyten.[2]
St. Moluag
endreSt. Moluag (gammalirsk Mo-Luóc) (d. 592) grunnla eit kloster på Lismore. Øya vart eit viktig senter for keltisk kristendom og sete for bispedøme Argyll i mellomalderen. I dag kan det verke merkeleg at ei så isolert øy var eit slikt senter, men på denne tida var sjøvegen den raskaste vegen og Lismore låg midt i leia. Av katedralen på øya står berre koret att. Sidan reformasjonen har koret vorte nytta som ein del av soknekyrkja i Lismore.
Galleri
endre-
Lismore sett frå ferjekaien på fastlandet.
-
Frå Port Appin med åsane Kingairloch i bakgrunnen
-
Coeffin Castle i 1995.
-
Achanduin Castle på Lismore sett frå Bernera Bay.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Lismore, Scotland» frå Wikipedia på engelsk, den 16. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ 1,0 1,1 «Isle of Lismore: History». Isle of Lismore Community Website. Arkivert frå originalen 21. desember 2008. Henta 16. februar 2010.
- ↑ 2,0 2,1 «Overview of Lismore». Gazetteer for Scotland. Henta 16. februar 2010.
- ↑ «Isle of Lismore». Tom Paterson Genealogy. Arkivert frå originalen 3. mai 2009. Henta 16. februar 2010.
- ↑ «Scotlands's Island Populations». Scottish Islands Federation. Arkivert frå originalen 29. september 2018. Henta 16. februar 2010.
Bakgrunnsstoff
endre- Lismore landskapsprosjekt
- Lismore Historical Society Arkivert 2012-07-17 ved Wayback Machine.
- Clan MacLea/Livingstone Society Arkivert 2013-05-13 ved Wayback Machine.