Liste

ordna liste over element i ei samling

Ei liste (frå italiensk lista, 'papirremse', via tysk og fransk; same opphav som list) er ei skriftleg opprekning av personar, ting, ord, idear eller anna, typisk i ei loddrett rad.[1] Ei liste kan vera ordna alfabetisk, numerisk, kronologisk, rangering eller ha tilfeldig rekkjefølgje.

Ein del av Oskar Schindler si liste over tvangsarbeidarar som han prøvde å redda frå Holocaust. Arbeidet hans inspirerte filmen Schindlers liste.

Lister inneheld element som har noko til felles, og kan ha som funksjon å hjelpa minne, visa kva som er tillate eller tilgjengeleg eller gje oversyn over eit emne. Lister kan lagast manuelt (handskrivne) eller automatisk, til dømes av ulike dataprogram.

Historiske og rituelle lister endre

Ein finn lister i nokre av dei eldste kjende tekstane, som Den sumeriske kongelista frå 2000-talet f.Kr. og frå det følgjande tusenåret fleire egyptiske kongelister,[2] og Den hebraiske Bibelen, som særleg reknar opp namn i familiar.[3]

Lister kan ha rituell eller symbolsk tyding. Norrøne tekstar som Gylfaginning listar opp ulike namn på Odin og ulike dvergar og andre vesen. Innan indisk religion finst ei rekkje lister over namn på Gud, Sahasranama, som opplyser om eigenskapane til ein guddom og kan messast som del av religiøs utøving. Koranen nemner fleire namn på Gud, som har ei viktig tyding i islam.[4]

Praktisk bruk endre

 
Artsliste over fuglar observerte på Farne Islands i 2017.

Lister over menneske kan indikera deltaking, tilhøyre eller utestenging, som gjesteliste, medlemsliste, passasjerliste eller svarteliste. Folkeregister eller personregister omfattar folk som har offisiell tilknyting til eit land. Manntal er lister over personar innan ein viss kategori.[5] Vallister og valmanntal er viktige for demokratisk deltaking.

Rankinglister eller rangeringslister kan visa rangeringa til deltakarar innan ulike felt, som utøvarar i sjakk eller tennis,[6] universitet[7] eller helsetenester.[8] Langlister og kortlister blir brukte til å snevra inn kandidatane til ei utnemning eller ein pris.

Artslister kan gje oversyn over artar som finst innan eit visst område og eventuelt om statusen deira. Norsk raudliste for artar gjev til dømes over kor truga eller ikkje ulike artar er i Noreg.

Lister over framkomstmiddel kan vera påkravde eller visa til kva fartøy eit føretak eig, som skipsregister og skipslister.

Ein kan bruka lister til å visa kva varer som er tilgjengelege og eventuelt kva pris dei har, som vareliste, prisliste, meny eller vinkart. Ingredienslister kan visa kva som er blitt brukt[9] eller kva som skal brukast til å laga eit produkt etter ei oppskrift.

Salslister kan visa kva som er selt og i kva mengder eller til kva prisar. Bestseljarlister blir brukte om populære varer som blir selde i store mengder, som bøker.[10] Hitlister, topplister og albumlister blir brukte om sal eller strøyming av musikk.

Ordlister listar opp ord med ein viss eigenskap, til dømes frå eit visst språk. Innhaldslister kan lista opp kapittel og eventuelt fortelja kva ei bok eller anna større verk inneheld på ein kortfatta måte. Slike verk kan også ha indeks over emne dei tek for seg, bibliografiar og referanselister. Rollelister gjev eit oversyn over personar i eit drama, som eit skodespel eller ein film.[11]

Ein kan bruka lister til å organisera gjeremål, som ei handleliste, gjereliste eller hugseliste. Ynskjelister kan uttrykka ynskje, mål eller faktiske planar.

Mange lister kan vera viktige historiske kjelder for ettertida, ettersom dei dokumenterer visse tilhøve i samtida. Lister kan også vera ein måte å framstilla historie på, som kongelister, eit kronologisk oversyn over kongar av eit visst område.

Kjelder endre

  1. «liste» i Nynorskordboka.
  2. «The Abydos King List | American Research Center In Egypt», www.arce.org, henta 3. mars 2022 
  3. «Why Bother Reading the Lists in the Bible?», ONE FOR ISRAEL Ministry (på engelsk), 2. august 2017, henta 3. mars 2022 
  4. «What Are the Names Muslims Use for Allah?», Learn Religions (på engelsk), henta 3. mars 2022 
  5. «manntal» i Nynorskordboka.
  6. «rankingliste» i Det Norske Akademis ordbok
  7. «Univerdensmesterskap», universitas.no (på norsk bokmål), arkivert frå originalen 3. mars 2022, henta 3. mars 2022 
  8. Gulbrandsen, Pål (30. juni 2000). «Verdens helseorganisasjon rangerer verdens helsetjenester». Tidsskrift for Den norske legeforening (på norsk bokmål). ISSN 0029-2001. 
  9. «Ingrediensliste | Mattilsynet», www.mattilsynet.no, henta 4. mars 2022 
  10. «bestseller — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 3. mars 2022 
  11. «rolleliste — Den Danske Ordbog», ordnet.dk, henta 3. mars 2022