Little America

(Omdirigert frå Little America IV)

Little America var ei rekkje utforskingsbasar på Rossisen, sør for Hvalbukta i Antarktis.

Little America
stasjon
Little America IV aerial.jpg
Little America IV
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ross Dependency

Little America
77°30′ S 162°0′ W
Wikimedia Commons: Little America Station

Den første basen vart oppretta i januar 1929 av Richard Byrd og vart fråreist i 1930.[1] Det var her filmen With Byrd at the South Pole (1930) vart filma, om flyturen til Byrd til Sørpolen. Little America II vart oppretta i 1934, kring 10 meter frå den originale basen, der noko av den originale basen var tilgjengeleg via ein tunnel.[1] Denne basen var i drift ei kort stund flytande på eit isfjell i 1934, men det fraus fast att til hovudbreen.[1]

Little America III vart oppretta 10 km lenger nord i 1940–1941 og Little America IV vart oppretta i 1946–1947.[1]

Little America V vart oppretta ved Kainan Bay, kring 50 km mot aust den 3. januar 1956.[2] Little America V tente som den amerikanske basen i sør under Det internasjonale geofysiske året.[2]. Little America V vart bygd av US Navy Seabees i løpet av tre månadar, før den antarktiske vinteren gjorde resten av bygginga umogeleg. Heile Little American V vart bygd nedanfor snølinja i isen, med forskjellige bustadkvarter, generatorrom, kafeteria og rampar for beltekjøretøy. Denne konstruksjonstypen gjorde at ingen ved Little America V trengde å gå ut døra i den harde vinteren når ein skulle frå ein seksjon til ein annan.[3]

Frå Little America vart den førte suksessrike radiosendinga frå Antarktis, og hadde regelmessige sendingar som kunne plukkast opp på radioar i f.eks. USA, meir enn 17 000 km unna.

Staden der Little America III låg vart ført til sjøs i 1963. Staden der Little America V låg følgde Isfjell B-9 til sjøs i 1987.[4]

Sjå ògEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Little America Will Float Away on an Iceberg». Eugene Register-Guard. April, 1958. Henta 11. mars 2014. 
  2. 2,0 2,1 «Little America is Dedicated». Ludington Daily News. 3. januar 1956. Henta 11. mars 2014. 
  3. «Seabees Build A Town." Popular Mechanics, June 1956, s. 89-94.
  4. «The calving and drift of the iceberg B-9 i the Ross Sea in Antarctica». Antarctic Science. 1990. Henta 11. mars 2014. 

BakgrunnsstoffEndra