Opna hovudmenyen
Isfjell B-9

Isfjell B-9 var eit isfjell som målte 154 km gonger 35 km (5 390 km2) som kalva frå Antarktis i 1987, frå sektoren aust for Roosevelt Island, like ved Hvalbukta og like aust for staden der Isfjell B-15 kalva i 1999. Det vart ført bort frå Little America V.

Ein del av isfjellet, B-9B, dreiv mot MertzbreenGeorge V Coast, der det grunnstøytte ved sidan av breen og vart liggande i ro i 18 år.[1] Den 12. eller 13. februar 2010 kolliderte B-9B med den enorme, flytande Mertz isbretunge og eit nytt isfjell som målte 78 gangar 39 kilometer. I desember 2011 var B-9B på veg inn i Commonwealth Bay og hadde brote opp i tre mindre stykke, og var delvis frose fast i havbotnen.[1] Det store isfjellet hindra tre turistskip frå å nå Antarktis for å markere at det var 100 år sidan australiaren Douglas Mawson gjekk i land på Cape Denison den 8. januar 1912. Isfjellet B-9B er framleis i Commonwealth Bay og kan bli liggande her det neste tiåret.[1]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Coopes, Amy (22 December 2011). «Huge iceberg foils Mawson centenary plans». Cosmos. Henta 7. mars 2014. 

BakgrunnsstoffEndra