Liv Hilde Boe
Liv Hilde Boe (fødd 21. mai 1938) er ein norsk etnolog og museumsdirektør fødd i Ålesund. Ho var sjefkonservator ved Norsk Folkemuseum i Oslo i perioden 1991-2000 og deretter direktør 2000-2001.
Liv Hilde Boe | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. mai 1938 (86 år) |
Boe er utdanna etnolog ved Universitetet i Oslo. Magistergradsavhandlinga hadde tittelen Steinindustrien i Aker og Christiania ca. 1830 – ca. 1914 i 1975.
Før ho kom til Norsk Folkemuseum, leia ho sekretariatet for fotoregistrering under Norsk kulturråd i åra 1977–83. Deretter var ho leiar for Akershus fylkesmuseum (tidlegare Forbundsmuseet i Akershus) perioden 1983–91.
Utmerkingar
endreBoe fekk Special Award Certificate av UNESCO i 1987 på vegner av Forbundsmuseet i Akershus.[1]
Bibliografi
endre- Veiledning i innsamling, registrering og arkivering av eldre fotografier Oslo : Sekretariatet for fotoregistrering, 1980. ISBN 82-90331-02-9
- Det gamle skomakeri. Oslo : Institutt for etnologi, Universitetet i Oslo, 1989. ISBN 82-550-6034-0
- Tradisjon og fornyelse Festskrift til Liv Hilde Boe av Trond Bjorli, Inger Jensen og Kari Telste, redaktører. 2008 ISBN 978-82-90036-80-0
- Bokhandleren på Grønland : meningers mot mellom to kulturer 2012 Cappelen Damm ISBN 978-82-02-36822-7
Kjelder
endre- ↑ «Fortjent pris», Aftenposten 4. juli 1987
- Denne artikkelen bygger på «Liv Hilde Boe» frå Wikipedia på bokmål, den 21. juli 2022.