Liv Karin Kirkebøen Almendingen

Liv Karin Kirkebøen Almendingen (fødd 12. mai 1960) er ein norsk forfattar.[1]

Liv Karin Kirkebøen Almendingen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. mai 1960 (64 år)
Yrke skribent

Almendingen voks opp på Romerike, men interessa for Sørkedalen og Nordmarka gav inspirasjonen til å skriva romanserien Sagaen om Sunniva. Fyrste bok i serien med 23 titlar kom i 2009, og er utgjeven av forlaget Cappelen Damm. I 2016 vart hennar neste historiske romanserie, Bare Maja, lansert av same forlag. Bøkene har handling frå blant anna Einerhaugen og Gamle Hvam gard på Romerike.

Almendingen er utdanna grafisk formgiver. Ho var busett i Spania i fjorten år, og starta Den norske bokhandelen i Alfaz del Pi saman med mannen sin. Seinare flytta familien til Tønsberg. Almendingen har to søner.

Kjelder

endre
  1. «Almendingen, Liv Karin Kirkebøen», bibsys-almaprimo.hosted.exlibrisgroup.com (på engelsk), henta 10. november 2021 
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.