Live Life
Singel av The Kinks
frå albumet Misfits
B-side

«In a Foreign Land» (Storbritannia)
«Black Messiah» (USA)

Utgjeve 19. mai 1978
Innspelt Juli 1977 – januar 1978
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 3:49
4:47 (britisk LP-versjon)
Selskap Arista 199 (U.K.)
Arista 0372 (U.S.)
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«A Rock 'n' Roll Fantasy»
(1978)
Live Life «Black Messiah»
(UK, 1978)
---
«(Wish I Could Fly Like) Superman»
(US, 1978)


«Live Life» er ein song av The Kinks frå 1978 på albumet Misfits. Songen var skriven av Ray Davies.

Tekst og musikk endre

Teksten har eit liknande tema som mange av songane til Ray Davies, om at uansett kva som skjer i verda, så må ein ta seg sjølv saman (sidan ingen andre kjem til å gjere det for deg).[1] Songen refererer til «fascistane og venstrevridde militante», «uærlege politikarar og arbeidsløysekøar», og Irish Republican Army, som på denne tida brutke ulovlege metodar for å bryte seg laus frå Storbritannia.[1]

Ron Lawrence spelar bassgitar i staden for Andy Pyle eller John Dalton, sidan begge desse bassistane hadde slutta i bandet kort tid før. Studiomtrommeslagaren Clem Cattini spelar trommer.

Utgjeving endre

«Live Life» kom først ut på Misfits, der han var det tredje sporet. I Storbritannia vart han derimot flytta til det sjuande sporet og bestod av ein lengre versjon. På den nymastra CD-utgåva var det den britiske sporlista som var nytta, og den ikkje-britiske versjonen av «Live Life» vart lagt til som bonusspor. «Live Life» erstatta «Artificial Light» som B-side til «A Rock 'N' Roll Fantasy» i Amerika. Den 14. juli 1978 vart singelen gjeven ut som den andre singelen frå Misfits med B-sida «In a Foreign Land» i Storbritannia og «Black Messiah» i Amerika. Han selde ikkje godt nok til å gå inn på salslistene nokon stad.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Davies, Ray. «'Life Life' Lyrics». Henta 7. mai 2014.