Black Messiah
Singel av The Kinks
frå albumet Misfits
B-side

«Misfits»

Utgjeve 19. mai 1978
Innspelt Juli 1977 – januar 1978
Studio Konk Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 4:08
Selskap Arista 210
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Ray Davies
The Kinks-kronologi 
«Live Life»
(1978)
Black Messiah «(Wish I Could Fly Like) Superman»
(1979)


«Black Messiah» er ein song av The Kinks frå 1978 på albumet Misfits. Han vart skriven av Ray Davies.

Tekst endre

Teksten på «Black Messiah» siterer rase- og borgarlege skilnader og uro, sett frå synspunktet til ein kvit mann som lever i eit heilt svart nabolag. Dette skapar uro og songaren hevdar at «dei slår meg ned fordi dei er brune og eg er kvit». Samstundes hevdar ein «sjølvoppnemnt profet» i nabohuset at «Den svarte Messias» skal «setje verda i brann og frigjere heile verda». Den kvite mannen er først skeptisk men vert etter kvart overtydd. Songen kritiserer «raselikskapen» som svarte og kvite seier dei strever mot, og hevdar at verken kvite eller svarte verkeleg heilhjarta trur på dette.[1]

Utgjeving og mottaking endre

«Black Messiah» kom først ut på Misfits, og vart sidan gjeven ut på singel. Den amerikanske versjonen av singelen «Live Life» vart «Black Messiah» gjeven ut som B-side i staden for «In a Foreign Land». I Storbritannia vart «Black Messiah» gjeven ut som den tredje singelen frå albumet, med songen «Misfits» som B-side. Singelen selde dårleg og gjekk ikkje inn på singellista. Ein litt anna singelversjon vart gjeven ut som bonusspor på nyare CD-utgåver av Misfits.

«Black Messiah» har generelt fått dårleg kritikk, mest av alt på grunn av teksten. Robert Christgau kalla songen «nedslåande», og sa sarkastisk at «Enoch Powell ville vore stolt.»[2] Ken Emerson i Rolling Stone sa at sjølv om «'Black Messiah med rette gjer narr av den naive entusiasmen kvite publikum hadde for rastafarianismen i reggae, dreg songen fram Davies sin eigen rasisme.»[3]

Kjelder endre

  1. Davies, Ray. «Lyrics». Henta 27. april 2018. 
  2. Christgau, Robert. «Christgau Review». Henta 27. april 2018. 
  3. Emerson, Ken. «Rolling Stone». Arkivert frå originalen 9. desember 2007. Henta 27. april 2018.