Liverpool Bay
(Omdirigert frå Liverpoolbukta)
Liverpool Bay er ei bukt mellom det nordaustlege Wales, Cheshire, Lancashire og Merseyside i England på austsida av Irskesjøen. Bukta er eit klassisk døme på ein region med mykje påverknad frå ferskvatn.
Elvane Alt, Clwyd, Dee, Ribble og Mersey munnar alle ut i bukta. Det ligg mange skipsvrak rundt om i bukta og her finst mange dykkestader. Det ligg fleire olje- og gassfelt i bukta, mellom anna Douglas Complex. Den første store vindmølleparken til havs i Storbritannia, North Hoyle, ligg sør i bukta.
Området rundt bukta vert stundom kalla «Liverpool Bay Area».
Bakgrunnsstoff
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Liverpool Bay» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2009.