Living on a Thin Line
Living on a Thin Line Singel av The Kinks frå albumet Word of Mouth | ||
B-side |
«Sold Me Out» | |
---|---|---|
Utgjeve | Januar 1985 | |
Innspelt | Juni 1983 – september 1984 | |
Studio | Konk Studios i London | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:16 | |
Selskap | Arista | |
Låtskrivar(ar) | Dave Davies | |
Produsent | Ray Davies | |
Amerikansk The Kinks-kronologi | ||
«Do It Again» (1984) |
Living on a Thin Line | «Summer's Gone» (1985)
|
«Living on a Thin Line» er ein song skriven av Dave Davies og framført av The Kinks i 1984 på albumet deira Word of Mouth.
Bakgrunn
endre«Living on a Thin Line» er ein av to songar på Word of Mouth skriven av Dave Davies (den andre er «Guilty»). I biografien sin Kink, sa Davies at songen var inspirert av den lange og vanskelege karrieren til The Kinks og hatet hans mot politikarar.[1]
Utgjeving
endre«Living on a Thin Line» kom først ut på Word Of Mouth, men vart sidan gjeven ut på ein 12-tommars singel for radio (med B-sida «Sold Me Out») i Amerika,[2] og sidan på mange samlealbum, som Come Dancing with the Kinks, Lost & Found (1986-1989), The Ultimate Collection og Picture Book. Songen er òg blitt spelt på konsertar av både The Kinks og Dave Davies.[3]
Sjølv om songen ikkje vart ein kommersiell suksess, vart han ein favoritt blant fansen. Songen vart spelt tre gonger i ein episode av The Sopranos i 2001 i episoden «University». Produsenten Terence Winter har sagt at det var den songen i serien folk spurte mest om.[4] Songen vart òg spelt i siste episode av HBO-serien Vice Principals.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Living on a Thin Line» frå Wikipedia på engelsk, den 28. april 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Hinman, Doug. All Day and All of the Night. s. 272.
- ↑ ««Living on a Thin Line» single». Henta 2014.
- ↑ ««Living on a Thin Line» live performances». Henta 28. april 2018.
- ↑ «Living On A Thin Line by The Kinks Songfacts». songfacts.com. Henta 28. april 2018.