Dave Davies

britisk musikar

David Russell Gordon Davies (fødd 3. februar 1947 i London) er ein engelsk rockemusikar som er mest kjend som sologitaristen i rockebandet The Kinks.

Dave Davies

Fødd3. februar 1947
Fortis Green i London i England (77 år)
FødestadMuswell Hill
FødenamnDavid Russell Gordon Davies
OpphavStorbritannia
Aktiv1963–til i dag
SjangerRock, hardrock
Instrumentgitar
Kjende instrumentGibson «prototype» V
Tilknytte artistarThe Kinks
PlateselskapEntertainment One Music, Angel Air Records
Verka somMusikar, låtskrivar
BornRuss Davies, Daniel Davies

I 2003 vart Davies rangert på 88. plass av musikkmagasinet Rolling Stone på lista deira over dei 100 største gitaristane gjennom tidene.[1]

The Kinks endre

For meir om dette emnet, sjå The Kinks.

Han grunnla The Kinks i lag med Pete Quaife i 1963. Broren hans, Ray, som vart det mest kjende medlemmet i bandet, kom med like etter. Kvartetten var komplett då trommeslagar Mick Avory kom med. Davies hadde eit turbulent forhold til Avory, som av ein av årsakene til at sistnemnde forlet bandet på midten av 80-talet.

Bandet gav seg i 1996, men Davies heldt fram som soloartistar fram til han fekk slag i 2004.

Sjølv om han aldri vart like kjend som den eldre broren, som skreiv dei fleste songane til the Kinks, skreiv Dave Davies eit par hitar òg. Av desse finn ein «Death of a Clown», «Love Me Till The Sun Shines», «Susannah's Still Alive» og «Living on a Thin Line». Han er òg kjend for den nyskapande stilen med powerchord som ein kan høyre på singelen «You Really Got Me» frå 1964.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Rolling Stone 100 Greatest Guitarists of All Time». Arkivert frå originalen 13. april 2009. Henta 9. april 2009.