Livmorhals

(Omdirigert frå Livmorhalsen)

Livmorhals (latin cervix uteri eller collum uteri) er sambandet mellom vagina og livmora i kvinneleg anatomi. Han utgjer den nedste delen av livmora. Den nedste delen av livmorhalsen stikk ned i vagina.[1]

Livmorhals

Skjematisk frontal oversikt over kvinneleg kjønnsorgan-anatomi
Klassifikasjonar og ressursar
MeSHD002584

I medisinsk terminologi blir innsida av livmorhalsen kalla endocervix. Holrommet i livmora snevrar i livmorhalsen inn til ein kanal kalla canalis cervicalis. Den nedste delen av halsen blir kalla portio i ein opning kalla ytre mormunn (ostium uteri). Denne opningen er vanlegvis liten og rund om han ikkje har gått gjennom ein fødsel, og permanent tverrspalta etter ein fødsel.[1]

Livmorhalsen er lett tilgjengeleg for medisinske undersøkingar.[1] Han blir brukt til å ta celleprøvar for å finna teikn på mogleg livmorhalskreft.[2]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 Holck, Per (17. oktober 2018). «livmoren». Store medisinske leksikon (på norsk). 
  2. «Livmorhalsprøve». NHI.no. 14.01.2019.