Livmorhalskreft er ei form for kreft som tek til i livmormunnen eller livmorhalskanalen. På verdsbasis er det den andre vanlegaste krefttypen blant kvinner og den andre mest dødelege, etter brystkreft.

I Noreg får 300–400 denne typen kreft kvart år, og 100–120 døyr av han. På verdsbasis døyr rundt 200 000 kvinner av livmorhalskreft kvart år.

SymptomEndra

Tidlege stadie av sjukdommen er ofte symptomfrie, men kan inkludera blødningar, særleg etter samleie, og blodig utflod. Seinare symptom er smerter i underlivet eller magen og nedsett allmenntilstand.

Den beste måten å påvisa kreften på tidleg er dermed ved å ta jamnlege celleundersøkingar. I mange land får alle kvinner tilbod om slike undersøking frå kvart år til kvart femte år.

ÅrsakerEndra

Dei fleste tilfella er forårsaka av nokre former for humant papillomavirus (HPV) som blir spreidde gjennom seksuell kontakt. Tidleg seksuell debut og å ha mange partnarar kan auka sjansen for å bli smitta og utvikla livmorhalskreft. Røyking kan òg gjera det meir sannsynleg å utvikla sjukdommen.

BehandlingEndra

Sjukdommen blir behandla med kirurgi i tidlege stadie og kjemoterapi og strålingsterapi i seinare stadie.

Nyleg er det utvikla vaksiner mot nokre av virusa som står for mange av tilfella. Gardasil frå Merk & Co. har vist seg å vera 100 % effektiv mot dei to virustypane som står for 70 % av tilfella. Dersom denne vaksinen blir gjeven til unge gutar og jenter vil han hindra desse frå å bli smitta og minka sjansen for at jentene utviklar livmorhalskreft seinare. Vaksinen dekker dei fire HPV-typane 6,11 og 16 og 18. Dei to første gjev kjønnsvorter, dei to siste står for 70 prosent av livmorhalskreft-tilfella. Det er i gang nye studiar for å teste om vaksinen også kan dekke andre HPV-typar. FUTURE II-studien som omfatta 12000 kvinner verden over, mellom dei var 1700 frå Noreg. Studien viste framifrå resultat: Nesten 100 prosent effektiv mot livmorhalskreft. Norske styresmakter vurderer no om vaksinen skal verte ein del av barnevaksinasjonsprogrammet.