Ljuboslav Penev

bulgarsk fotballspelar

Ljuboslav Mladeno Penev (fødd 31. august 1966 i Dobritsj) er ein bulgarsk pensjonert fotballspelar og noverande trenar, som mellom anna spelte angrep på CSKA Sofia og Valencia CF og i fleire andre europeiske klubbar. Han fekk òg fleire landskampar for Bulgaria og vart seinare trenar for dette landslaget. I tillegg til å spela for CSKA Sofia og Valencia spelte han òg for Atlético Madrid, Compostela og Lokomotiv Plovdiv. Han la opp som spelar i 2002 etter å ha spelt over 400 ligakampar og skåra over 200 mål. I gikk 2009 gjekk han inn i trenarrolla då han tok over trenarvervet i barndomsklubben CSKA Sofia etter onkelen sin Dimitar Penev. I 2010 vart han trenar i Litex Lovech, før han i 2011 tok over som landslagstrenar for Bulgaria etter Lothar Matthäus

Ljuboslav Penev
Personleg informasjon
Fullt namn Ljuboslav Mladenov Penev
Fødd 31. august 1966 (58 år)
Fødestad Dobritsj i Bulgaria
Høgd 188 cm
Posisjon Angrep
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1986–1989
1989–1995
1995–1996
1996–1998
1998–1999
2000–2001
2002
CSKA Sofia
Valencia
Atlético Madrid
SD Compostela
Celta
CSKA Sofia
Lokomotiv Plovdiv
101 (80)
226 (101)
37 (16)
69 (32)
32 (14)
22 (8)
4 (0)
Landslag
1987–1998 Bulgaria 62 (13)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 1. november 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 1. november 2011

Kjelder

endre