Valencia Club de Fútbol, også kjend som Valencia CF, Valencia eller Los Che, er ein spansk fotballklubb i Valencia. Klubben spelar i den spanske toppserien La Liga og er ein av dei største og mest suksessrike klubbane i spansk fotball. Valencia har vunne seks seriemeisterskapo, sju spanske cupmeisterskap, Messebycupen to gongar, UEFA-cupen ein gong og Cupvinnarcupen ein gong. Klubben nådde finalen i Meisterligaen to år på rad; tapte i 2000 for Real Madrid og i 2001 for Bayern München, siste gongen etter straffesparkskyting.

Valencia
KallenamnLos Ches
Els Taronges (Appelsinane)
Valencianistes
Los Murciélagos ('Flaggermysene')
Grunnlagd18. mars 1919
HeimebaneEstadio Mestalla
(kapasitet: 55 000)
PresidentAnil Murthy
HovudtrenarJavi Gracia
LigaLa Liga
2018/194. plass i La Liga
NettstadHeimeside
Heimedrakt
Bortedrakt
Soccerball current event.svg Noverande sesong

Valencia CF vart grunnlagt i 1919 og har sidan 1923 spela heiemkampane på Mestalla, eit stadion med ein tribunekapasitet på 55 000. I løpte av 2013 vil klubben take i bruk eit nytt stadiom med plass til 75 000 tilskodarar. Valencia har i lang tid hatt ein byrival i klubben Levante UD, og rivaliserer også med to andre klubbar i Valencia-regionen; Hércules CF og Villarreal CF.

SpelarstallEndra

Namn i tabellen vart endra i august 2020.

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1   K Jaume Domènech [1]
2   F Thierry Correia
4   F Eliaquim Mangala
5   F Gabriel
6   MB Geoffrey Kondogbia
7   MB Gonçalo Guedes
8   MB Carlos Soler
9   A Kévin Gameiro
10   MB Daniel Parejo  
11   MB Denis Tsjerysjev
12   F Mouctar Diakhaby
Nr. Posisjon Spelar
13   K Jasper Cillessen
14   F José Luis Gayà
15   A Manu Vallejo
16   MB Lee Kang-in
17   MB Francis Coquelin
18   MB Daniel Wass
19   A Rodrigo
21   F Cristiano Piccini
22   A Maximiliano Gómez
23   A Rubén Sobrino
25   F Alessandro Florenzi (på lån frå Roma)

KjelderEndra

  1. Plantilla