Ljudmila Bodnijeva

Ljudmila Valerijevna Bodnijeva (fødd 15. oktober 1978) er ein russisk tidlegare handballspelar frå Elista i republikken Kalmykia i Russland som vart verdsmeister med Russland både i 2001 og 2005, og fekk EM-sølv i 2006. Gjennom fleire sesongar vart ho rekna som den beste linjespelaren i verda og vart i 2005 kåra til den beste spelaren i handball-VM.

Ljudmila Bodnijeva


Statsborgarskap Russland
Fødd 15. oktober 1978 (45 år)
Elista
Idrett handball
Tok del i

Sommar-OL 2012

Utmerkingar

æra meister av idrett i Russland

Bodnijeva var aktiv på Dinamo Volgograd frå 1997 og vart russisk seriemeister med laget i tre år på rad, 1999-2001. I 2003 fekk ho kontrakt med slovenske Krim Ljubljana og spelte meisterligafinalar med Krim i 2004 og 2006, begge finalane enda med tap mot to danske lag.

Frå 2000 til 2012 deltok Bodnijeva i fire europameisterskap: 2000, -02, -04, -06, tre verdmeisterskap: 2001, 2005, 2011, og i Sommar-OL 2012 med det russiske handballandslaget. Ho sikra seg ein EM-bronse i 2000. Der etter vann ho gullmedalje både i 2001 og 2005, etter finaletriumfar mot høvesvis Noreg og Frankrike. Også i 2006 spelte ho meisterskapsfinale mot Noreg, ein EM-finale Russland tapte med 24 mot 27 mål. Bodnijeva fekk linjespelarplassen på All-Star-laget i samtlege fire EM i tida 2000-06, såvel som i VM 2001 og 2005. I den sistnemnde meisterskapen vart ho jamvel kåra til beste spelar i meisterskapen.

Bodnijeva la opp i 2013, etter ti år i Krim Ljubljana.

Kjelder endre